Dei harde fakta frå Dammen trimpost, Riksheimdalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2020

Arkivfoto
Velledalen IL har hatt ein
meldar på Dammen trimpost i Riksheimdalen. Her skil det fattige 11 turar mellom
dei to beste. Pulsen på posten vart teken 23.august klokka 20.12. Då var stoda
slik:

293 turar: Ivar Arne Flo

282: Bård Per Erstad 82: Hildegunn Eikemo Flo 79: Ruth H. Kalvatn 70: Johannes T. Håskjold 59: Renathe Belinda Riksheim Oldeide

Som vi ser; rett så høgt
nivå i toppen.

Meldaren skriv vidare:

 -
   

 På denne posten
var alt på stell med tanke på bokføringa. Namna tydeleg skrive bak rett dato og
med talet turar tydeleg ført for kvar tur.

 -
   

 Takk til alle som
gjer det slik vi vil det skal gjerast!