Velledalen IL-gutar på o-troll leir i Nordfjord

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2020

VIL-gutane på leir var
Johan Fløttum Fauske, Mikkel Ibsen Lervåg og Tobias Ibsen Lervåg. Pernille
hadde også med Sturla August Idland og Børge Klokk Idland frå Emblem IL, to
gutar med masse slekt i Sykkylven.

Programmet var tett med
o-teori, myrfotball og o-løp både laurdag og sundag. Regien kring opplegget
hadde IL Veten, og overnattinga fann stad på Nordfjord Feriesenter. Vêret var
ikkje det beste, men truleg vart helga likevel lære- og minnerik.