Jørn debuterte på Hareid
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Aug 2020
Jørn har tidlegare
gjennomført ein 10 kilometer under Ålesund Sommarkarusell. Den gjekk unna på i
overkant av 51 minutt. Men ein halvmaraton (21 095 meter) er noko ganske
anna.
Men vi synest Jørn
Strømmegjerde kom godt frå oppgåva. Ein skal kjenne eit slikt løp på kroppen i
siste del av løpet. Klokka stoppa på 2.04.30 denne gongen. Vi trur han kjem
under den magiske to timars grensa neste gong han prøver.