Ferdige skulegardskart til tre sykkylvsskular.
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2020
Orienteringsgruppa i
Velledalen IL har fått midlar av Norges O-forbund til å utarbeide
skulegardskart. Fyrst ut vart Hundeidvik, Sørstranda og Ullavik. Desse karta er
no ferdige, og er å finne på www.skoleorientering.no
.
Dette er ei svært god og informativ side, der ein kan legge løyper rett på nettsida,
og printe ut sitt eige kart med innteikna postar. Elles finst der mange gode tips
til opplegg/undervisning.
Skulane som får
skulegardskart kan i tillegg søke om ein utstyrspakke med mellom anna faste
postmarkeringar. Pernille i o-gruppa har alt tinga det utstyret som kvar skule
kan få, utstyr til ein verdi av kring 3500 kroner per skule.
I samband med overleveringa
av dette utstyret vil dyktigaste o-løparen med bustad Hundeidvik, Alastair
Bruntn, halde eit minikurs for aktuelle lærarar og eventuelt interesserte
elevar.
O-gruppa i Velledalen IL
håper at dei nye skulegardskarta vert flittig brukt.