Virtuelt halvmaraton for Sivert og Andreas
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Aug 2020
"Vi fylte 17 år den
31. juli, og det har nesten blitt ein tradisjon at vi har ynskt oss ein
fjelltur eller eit løp i gåve. Dette er fint å få, for vi har jo elles alt vi
treng og meir til!
Til hausten hadde vi planar
om å delta i halvmaraton i Oslo igjen, slik vi gjorde i fjor. Men koronaen
sette ein stoppar for det. Skikkeleg trasig! Likevel blir det løp - eit såkalla
virtuelt løp,
laurdag den 19.
september
, og vi fekk ei
påmelding til dette, inkludert t-skjorte og medalje, i gåve på dagen vår. Vi
gler oss veldig til å springe halvmaraton på heimebane.
Men her kjem
utfordringa: Vi ønskjer oss nokon å springe saman med. Er det andre i VIL som
melder seg på og blir med oss? Då må vi i lag finne oss ei grei løype som har
rett distanse. Det hadde vore kjekt om vi var mange som kunne få til noko i
lag.
Mamma og pappa stiller
sjølvsagt i arrangementskomiteen (vi har ikkje spurt dei, men dei tek jobben!).
Vi høyrer frå deg!
Helsing Andreas og
Sivert"