3000 meter test fyrste post på «Campen»

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2020

Anders Wigdahl tok teten frå start med ein kvass 76-runde. Neste gruppe inneheldt sterke løparar som Knut Lium, Per Inge Bjørnestad og Frode Mauren. Opningsrunden gjekk unna på kring 82 sekund for desse. Lenger bak kniva kvartetten Sivert Mosby Nakken, Andreas Mosby Nakken, Henning Tandstad og Fridtjof Fredriksen om plassane fem til og med åtte. Nokså ferske Ilyas Degirmenci gjorde ein særdeles lovande start, og med litt meir erfaring vil han halde fylgje med gruppa føre han.

  På kvinnesida var Irene Mork og Tove Marie Tandstad åleine om å stille.


  Halvvegs låg Anders Wigdahl likt med eit skjema til 10.00. Det gjekk litt tyngre mot slutten, men 10.10 i eit sololøp frå start til slutt let seg høyre. Dei to siste pallplassane gjekk til Knut Lium (10.25) og Per Inge Bjørnestad (10.26), som heldt fylgje heile vegen. Lium er i yngre år to gonger Konradløpvinnar med 15.07 som bestetid.


  Forholda var strøkne på Ikornnes denne sundagsmorgonen. 15 grader, overskya og opphaldsvêr. Karar som Frode Mauren, Henning Tandstad og Sivert Mosby Nakken sette alle personlege rekordar.


  RESULTAT 3000 meter test, Ikornnes Idrettspark, 2.august 2020:

  10.10: Anders Wigdahl

  10.25: Knut Lium

  10.26: Per Inge Bjørnestad

  10.51: Frode Mauren

  11.32: Sivert Mosby Nakken

  11.37: Henning Tandstad

  11.37: Fridtjof Fredriksen

  11.38: Andreas Mosby Nakken

  12.20: Ilyas Degirmenci

  15.40: Irene Mork

  16.23: Tove Marie Tandstad