Emma sparka i gang Camp Velledalen 2020
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2020
Eit særdeles godt føredrag. Om ein tenåring som saman med familien/deler av familien sykla Noreg på langs, kryssa Finnmarksvidda på kaldaste årstida og tok alle hyttene til Ålesund Sunnmøre Turistforening. 14 i talet, i hovudsak i Tafjordfjella. Og om året på folkehøgskule, der ho enda opp på lina ho ikkje ville gå på, nemleg luftsportlina.
Variasjonen i tema gjorde føredraget ekstra interessant. Foto og videosnuttar frå turane var som godt krydder. Om ho ville, kunne ho utvida med fleire emne. Trass sin unge alder har nemleg Emma fullført lengste løypa i Hornindal Rundt – 75 kilometer og 5600 høgdemeter. Og ho har fullført ein heilmaraton (42 195 meter), noko mest ingen anna sykkylving på hennar alder har gjort. Kombinasjonen Hornindal Rundt og ein heilmaraton i så ung alder, er det ganske sikkert berre systera Christina her i Sykkylven, som er i nærleiken av. Og sidan Christina har vore med på dei fleste av stunta, er det naturleg at storesystera har vore som eit førebilete for Emma.
Emma sitt føredrag hadde fortent eit langt større publikum enn dei kring 20 personane som møtte på Fjøla under opninga.