Oslomann med 10 000 høgdemeter på «pre-camp»
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Aug 2020
Det var i 2019 Kristoffer Selmer fekk smaken på Velledalen. Han var her to veker då – ei veke på akklimatisering i fælsleg vêr, i tillegg til hovudveka for Camp Velledalen. Her deltok han på det aller meste som stod på programmet, og han vann orienteringsløpet på Dalemyra.
Det som trega Kristoffer mest i 2019 var at han ikkje kom seg på fjellet Holetindane, majestetisk plassert rett over hovudet på han frå basen i Olagarden på Hole.
Veka før Camp Velledalen 20, kom Selmer att. Har fekk klaff med vêret, men mykje snø i høgfjellet gjorde at han ikkje kom seg heilt dit han ville. Turen til Råna saman med Ellen og Anders måtte avbrytast nettopp på grunn av mykje snø. Vel «heimkomen» frå Hjørudfjorden gjekk han på Holetindane. Seinare i veka tok han Straumshornet, Synnalandsnipa, Ystevasshornet, Lisje Kløvheitind. Han «snusa» på Hammerset-tindane, men enda på Borgundkollen i staden, og han var innom ei rekkje av Velledalen IL sine 14 trimpostar. Han gjekk på rulleski og sykla, og rakk også ein tur på restaurant-middag i Ålesund, i tillegg til ei rekkje «pit-stopp» i Nærbutikken i Velledalen. Han kjøpte mellom anna heile varelageret av ølet Slogen Pale Ale – to gonger til og med (seier kanskje mest om lageret)!
Då Kristoffer etter ei lita veke var klar for avreise frå Velledalen viste høgderoret 9 600 høgdemeter. Det høyrer med til soga at han på heimturen stoppa på Lygna, leita fram rulleski, og fekk høgdemeterane han mangla.
Vi spår at det var ein lukkeleg mann i 30-åra som rulla inn i hovudstaden i ein blå Toyota Yaris Hybrid i kveldinga sundag 2. august. 10 000 høgdemeter og nokre livsminne rikare enn då han la i veg. Og vi her i Velledalen /Sykkylven, ja vi treng gode ambassadør for det stille livet vi lever. Difor er karar som Kristoffer Selmer meir enn velkomen tilbake – også om dei rullar inn mindre enn 10 000 høgdemeter på ei veke!