Pe-Tomasz på besøk i Velledalen
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jul 2020
FOTO: Frå fjord til fjell 2014
Vi reknar med at mange hugsar Pe-Tomasz, som Tomasz Rzadkiewicz
vart kalla då han budde i Velledalen.
Nærare bestemt i
gamlehuset i Pe-garden på Hjorthol.
Pe-Tomasz var polsk, og
han var ein føregangsmann for utanlandsk – og særleg polsk – deltaking i
Konradløpet. Bestetida hans var nede på 19-talet, og han hadde ei tid den
polske rekorden. Den vart seinare slegen av ivrige landsmenn, som heile tida
etter Tomasz reiste tilbake til heimlandet, har vore flinke deltakarar i
Konradløpet.
Vi
nemner også at Pe-Tomasz sin landsmann, Robert, vart den fyrste «ikkje-norske»
som vann ein av Velledalen IL sine trimpostar. Robert hadde godt over 200 turar
til skogsvegen Hjorthol.
Frå den 23. juli til 30.juli er Pe-Tomasz med familie på besøk i
Velledalen. Han skal bu på Hjorthol (gamlehuset i Pe-garden), slik han gjorde
den tida han jobba hos Ekornes.
I ein
e-post til VIL-Nett gir han til kjenne at alle kjenningar gjerne må kome innom.
Fotoet er frå Geiranger i
2014. Det året Tomasz (nr 150 på brystet) hadde med polske vener for å heidre
minne etter ein kjær bror sin bortgang. Det gjorde dei ved deltaking i
Geiranger halvmaraton – 21 km og 1500 høgdemeter.