Henning tok alle trimpostane

    Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2020

    Henning på Myrdalsfjellet. Foto: Asgeir Tandstad.
    For minneboka: Slik gjekk
    Trimpostprosjektet i 2020 føre seg:

       I løpet av hausten eller
    vinteren 2018-2019 sette eg opp ein muleg måte å ta trimpostane på. Den skulle
    vere litt forskjellig frå dei andre som hadde gjort tilsvarande stunt, og det
    var vel i hovudsak Svein sitt stunt i 2017 som inspirerte meg til å gjere det
    sjølv. Men eg ville ta alle postane berre til fots, og eg ville gjere det på
    nattestid slik at eg med god margin skulle klare det på eit døgn, og i motsett
    retning av Svein. Eg likar natta, med dyreliv og gradvis meir lys som ein
    ekstra motivasjon.

       Eg hadde tenkt å gjere det i
    2019, men følte aldri det passa å legge ut på ein slik tur, og det var få
    helger ledige sidan eg var med på mykje konkurransar sommarhalvåret. Ein må
    gjerne ha nokre veker «fri» før og etter noko slikt, så kroppen får førebu seg
    og hente seg inn att.

       Så kom 2020 og Covid-19. Det
    vart konkurransetørke, og det opna seg ei mulegheit. Jonsokhelga peika seg ut,
    når dagen er lengst. Men vêret var for dårleg, så eg utsette det to veker,
    sidan helga etter var ei arbeidshelg. Igjen var det dårleg vêr, og då såg eg på
    18. juli som den siste sjansen, då dei neste helgene var fullbooka med besøk,
    Camp Velledalen og barnedåp til onkelungen. Vêret såg dårleg ut, men eg tenkte det
    måtte skje no. Meldingane utvikla seg i positiv retning heilt fram til dagen.
    Ann-Helen og foreldra mine fekk i oppgåve å stille på med matstasjon undervegs
    i løypa.

       Fredag 17. juli var eg som
    vanleg på arbeid fram til kl. 16. Eg måtte sove nokre timar før start, skulle
    eg klare å gjennomføre. Men det gjekk slettes ikkje. Skulle eg utsetje starten,
    eller prøve som planlagt? Får eg sove om eg startar kl. 06? Eg bestemte meg for
    å prøve som planlagt kl. 00, og ta ting som det kjem. Eg innsåg at denne turen
    ville handle mykje om det å halde seg vaken.

       Når eg kom til startområdet
    stod Bjørg Sølvi og Per Henning Hole, Laila Ødegård og Jan Oddvar Alstad,
    sjølvaste Cato Zahl Pedersen, Karoline og Jørn Strømmegjerde, Håkon Brunstad,
    Ann-Helen Hole og Inger Halldis Kurseth Tandstad klar for å ønskje meg til
    lukke. Eg starta frå Vaarvon kl. 00:00, og Ann-Helen ville vere med meg til
    første post i Riksheimdalen. Ein tur som gjekk utan problem og etter skjema med
    innskriving kl. 00:57. Returnerte så til Straumgjerde der Ann-Helen hoppa av.
    Vidare til Skogsvegen Dravlaus via Straume 02:13. Her var det mykje hjort å
    sjå, i tillegg til kyr og kalvar. 02:30 var Ann-Helen klar med første
    matstasjon på Fet, der Jørn igjen hadde møtt opp. Her var det sko- og klesbytte
    og litt matpåfyll.

       Det var nydeleg turvêr, null
    nedbør og fine temperaturar. Turen gjekk vidare til Skogsvegen Fet (03:03) i
    lett jogg, og opp på Høgsætra (03:42). Begge etter skjema. Allereie no kjende
    eg at eg var litt trøytt, og måtte vurdere å finne meg ein plass å få litt
    sømn. Nede att på Fet var der ei transportetappe på sørvestsida av elva til der
    stien til Regndalen starta. Her kjende eg litt smerter i venstre kne som ikkje
    var ukjende frå tidlegare. Eg tok fatt på turen vidare, og no såg eg sola i
    fjelltoppane. Eg vart trøyttare, og tempoet gjekk ned. Eg nådde trimposten i
    Regndalen kl. 05:27, og la meg til for å slappe av litt, før eg gjekk ned att
    til Brunstad. Kneet hindra meg i å jogge, så her vart mykje gåing. På dette
    tidspunktet innsåg eg å ta fatt på Holetindane var uansvarleg når eg var så
    trøytt. No hadde eg vore vaken i 24 timar. Eg fekk skyss til Hole så eg fekk
    litt sømn før eg gjekk vidare.

       Med ein liten time på auget
    var eg som eit nytt menneske. Eg vart transportert attende til Brunstad, laga
    meg mat som eg åt, drakk bra med drikke, og tok fatt på Vellesætra, som eg
    nådde kl 10:10. Dei neste turmåla nådde eg raskt: Brunstadsætra om «Halsen» kl.
    10:35, der far Asgeir slo følge. Turen til Storevatnet trimpost (11:42)
    inkluderte ei kjapp matykt, og mange høgdemeter var unnagjort når vi nådde
    Holetindane kl. 12:22.

       Så kom regnvêret. Tungt
    regnskyll og kald vind – her er det berre å fortsette og halde varmen. Til
    tross for kneet hadde eg friske og fine føtter, og motivasjonen var på topp. Vi
    tok oss greitt ned i Holebotnen, og Nils Terje Skylstad hadde forklart ruta
    vidare godt; følg elva, og ta til høgre forbi hamarane. Oppe på Heggene stod
    fotograf Atle Jomar Hole klar med fotokameraet. Tredje matstasjon på
    Svartevatnet nådde vi gjennomvåte i god tid rundt 14:30. Her var vi ei stund,
    og fylte på med varm mat og god drikke.

       Regnvêret gav seg, sola kom
    fram, og turen gjekk vidare mot Myrdalsfjellet. Asgeir vart med vidare. Frode
    Mauren og Susan Gjerde hadde tatt turen frå Ålesund for å overraske meg. Her
    var ein sprekk i det opphavelege tidsskjemaet, så dei måtte nok vente litt.
    15:30 nådde vi posten. No var det ei transportetappe, mykje på asfalt, ned til
    Sætreelva i Holemarka. Kneet var på dette tidspunktet i grei stand, så her fekk
    eg jogga mykje. Møtte igjen Cato, Laila og Jan Oddvar når eg var på veg ned frå
    Myrdalsstølen. Dei heia meg vidare, og trimposten i Holemarka vart signert
    16:45. Leiar i idrettslaget, Ove Inge Skylstad og nestleiar Atle Jomar Hole
    møtte opp for å sjekke status. Elles mykje turgåarar i Holemarka denne dagen!
    Eg hald fram med jogginga til Olagarden på Hole, med ny matstasjon.

       Asgeir mønstra av, og
    Ann-Helen mønstra på. No var det sjarmøretappa att via Straumsdalen. Vi tok
    snarevegen opp råsa til Ingrid Brudevoll, og nådde skogsvegen Hjorthol kl.
    17:48. Merka at der var mindre sprut i føtene no enn tidlegare i løpet.
    Ann-Helen var ein god motivator opp den aller siste skikkelige motbakken til
    Koppen. Det var over all forventning å nå denne posten så raskt som 18:24 - og
    no mangla berre posten i andre siden av dalen på Bruna.

       Terrenget ned frå Koppen til
    Botnen i Straumsdalen er fint og mjukt. Råsa langs vatnet vått, men utan mange
    høgdemeter. Eg kjende no at føttene hadde blitt brukt gjennom dagen, og at det
    var mange timar sidan eg stod opp, men vi hald eit bra driv. Ein kjapp
    matstasjon igjen ved Osen, før vi igjen fekk i gang joggen mot trimposten på
    Bruna. La også merke til at nokon hadde skrive «HENNING» med pinnar på vegen.
    Ein ekstra motivasjonsfaktor!

       Trimposten på Bruna nådde vi
    20:07. Då var alle postane signerte, og det var berre turen til Vaarvon att,
    der det heile starta for litt over 20 timar sidan. Det går kjapt ned Gylsråsa,
    og frå sentrum i Straumgjerde til mål var det lett å halde joggen inn.

       Ann-Helen og eg nådde mål kl.
    20:43, møtt med sprudlande vatn, kake, flagg, medaljar, norske flagg og jubel.
    Eg følte meg overraskande sprek og våken, føtene friske og fine, til tross for
    berre ei kort søveykt dei siste 37 timane. Tusen takk til alle som laga ei så
    fin ramme rundt arrangementet: Oppmøtte, medhjelparar, turfølge og motiverande
    ord.

       Til slutt vil eg rose
    Velledalen IL, eit lag som støttar opp om kvarandre. Det gjer det til ein
    happening i staden for berre eit «stunt». Her var folk frå laget å sjå overalt,
    som applauderar og støttar. Eg veit der er mange som følgde turen med kikkert,
    i sosiale medier, og i bilen på ferie med stadig telefonkontakt for å halde seg
    oppdatert, med eit brennande ynskje om å vere til stades å følge med (Anita og
    Svein).

    Ei fantastisk oppleving og
    fine minner! Henning Tandstad.

       (PS: Strava-appen noterte 67
    km, 4000 høgdemeter, og tid i bevegelse rett under 15 timar.)