Henning vart historisk klokka 20.43

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jul 2020

Eigentleg såg han
uforskamma sprek ut. Klokka 20.43 laurdag 18.juli vart mållina kryssa utanfor
ungdomshuset Vårvon i Straumgjerde. Motteken av kring 15 personar. Mellom desse
leiaren i UL Samhald og leiaren i Velledalen IL, i tillegg til familie, vener og
kjende.

Henning brukte altså 20
timar og 43 minutt på turen. I dette er inkludert ei «liggetid» på knappe tre
timar. Ned frå Regndalen var han så trøytt at han såg dobbelt. Difor måtte han
ta pause då han kom til Brunstad. Turen var velsigna med både godvêr og regn.
Ringast vêr hadde han på strekninga Holetindane – Svartevatnet.

Tidlegare har Kjell Magnar
Berli, Kenneth Fet og Christina Holmberg gjort det same som Henning. Svein Arne
Nakken har teke alle postane på same dag, men nytta sykkel på nokre av strekka.

   Moderne måleinstrument hevda Henning sin
tur var på kring 67 kilometer og ganske nøyaktig 4000 høgdemeter. Og den
opererte med ei «mooving time» på litt i overkant av 14 timar. Uansett korleis
ein måler, faktum er at Henning Tandstad sin prestasjon har ingen andre i
Tandstad krins (skulekrins) gjort før han.

Og mottakinga utanfor
ungdomshuset Vårvon var prestasjonen verdig. Etter mållina var kryssa vanka det
sjampanje og kake med sprutande eld. Nett slik personar som har vunne noko
stort i program med televisjon-dekning vert traktert.

  

Ei kraftprøve var
gjennomført – og truleg hugsa livet ut!