Henning tar trimpostane – litt om turen.

Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2020

Fyrste del av turen gjekk
heilt etter planen. Posten i Riksheimdalen nådde han like under timen. Vidare
gjekk turen til posten i skogsvegen Drabløs, før han tok skogsvegen Fet. Der
passerte han klokka 03.03. Tre minutt bak skjemaet han hadde sett opp på
førehand. Neste postane var Høgsætra og Regndalen, begge passerte nær skjema.
Då han gjekk vidare mot Brunstad kjende han på ein meiningslaus trøttleik, og
han sende denne meldinga:



  -
   
   




 Etter å ha vore
vaken i 24 timar, vart behovet for søvn for stort. Held fram frå Brunstad Kraft
om ei kort stund.

Han har no sove og er på
veg mot nye postar (Velle- og Brunstadsætra) og den mest krevjande stigninga
(mot Holetindane). I distanse var han om lag halvvegs då han tok sovepause.