Regnskyll for Henning i krevande parti
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2020
Etter ei sovepause i dag
tidleg, har Henning Tandstad sin tur vidare gått upåklageleg. Kjende stadar som
Vellesætra og Brunstadsætra gjekk raskt unna. Like eins var tempoet godt til
posten
Brunstadkølen og Holetindane, her
i selskap med far Asgeir. Etter Holetindane fekk han ei kraftig, lang regnbyge
rett i fleisen. Ei byge som varte meir eller mindre heilt til Svartevatnet. Der
venta Ann-Helen Hole og Inger Kurseth Tandstad med matstasjon nummer tre.
Dei to karane var
gjennomvåte frå topp til tå, skifta klede, og fekk seg mat. Så gjekk turen
vidare. No mot Elling Hole sitt paradis, Myrdalsfjellet. Den nest siste harde
stigninga på rundturen. Henning er venta i vere på fjerde siste post
(Holemarka) klokka 16.15. Då står skogsvegen Hjorthol, Koppen og Bruna att.
Så langt tyder alt på at han vil gjennomføre
med stil.