Kjøpmann på tur – sommaren er tida for stunt
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2020
Det er ingen ringare enn
kjøpmannen ved Nærbutikken i Velledalen, Henning Tandstad, som skal i aksjon.
Starten går 00.00 frå ungdomshuset Vårvon i Straumgjerde, og vil halde fram
utover laurdagen den 18.juli. Målpassering er på førehand stipulert til klokka
16.00, same stad som startpunktet.
Tidlegare har Kjell Magnar
Berli, Kenneth Fet og Christina Holmberg gjort det same. Henning vert med andre
ord den eldste om han fullfører, der ein tek seg fram til fots gjennom heile
ruta. Svein Arne Nakken har og teke alle postane same dag, men han sykla på
deler av ruta, og kjem såleis under ein annan «kategori»
Etter starten frå Vårvon
ved midnatt , tek han postane i denne rekkefylgja:
1. Riksheimdalen
2. Skogsvegen Drabløs
3. Skogsvegen Fet
4. Høgsætra Fet
5. Regndalen
6. Vellesætra
7. Brunstadsætra
8. Brunstadkølen
9. Holetindane
10. Myrdalsfjellet
11. Holemarka
12. Skogsvegen Hjorthol
13. Koppen
14. Bruna
MÅL: Vårvon – stipulert til
16.00 – sagt med andre ord; ein tur på 16 timar.
Kjøpmannen har gjort
grundig planarbeid på førehand. Om nokon vil
sjå han tidleg i seansen, har han matstasjon ved Fet Bru klokka 02.30 og ved
Brunstad Kraft klokka 06.30. Seinare ved Svartevatnet klokka 10.00, Olagarden
på Hole 12.30 og den siste ved Osen klokka 15.00. Alle tidspunkt er rimelegvis
omtrent-tider. Vil nokon fylgje han på heile eller deler av strekninga er det
høve til det.
I så fall ta med kopp, og
hugs at turen er lang, ein høgoktan-tur!
PS. Meld inn nye stunt til
VIL-Nett (atlehole@online.no – 917 43 761)