To spenstige bursdagar innmelde i dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Jul 2020
I dag, 17. juli, vert Erling Johannes Tandstad seks år. Og kven er han,
undrast du kanskje..? Han bur i Sula kommune, er son til Kathinka og Jo Andre
Tandstad, og har besteforeldre (Tone og Petter) som bur i Straumgjerde. Erling
Johannes deltok nyleg i Tomasløpet. Der la han bak seg distansen frå Bunnpris i
Straumgjerde til trimposten Bruna på 45 minutt. Før fylte seks år !!
Prøv gjerne sjølv – det viser at dette er gut som har
noko heilt spesielt i seg.
Det hadde også guten som kom til verda nøyaktig 70 år før Erling
Johannes. Han budde på Fet og fekk namnet Einar Magne. Vart kr
umtapp på det lokale fotball-laget, VRF. Kanskje den beste spelaren laget nokon
gong har fostra. Flest kampar saman med Bård Erstad (kring 350 obligatoriske
kampar) og sjølvsagt æresmedlem. På sine eldre dagar (etter passerte 40 år), slengde
han seg med i lange løp for moro skuld. Sprang to gonger Sykkylven Halvmaraton
på 1.17-talet, og gjorde sin einaste heilmaraton i Drammen på 2.50 (med sprekk
i fylgje han sjølv). Har lang fartstid
i
Velledalen IL, alpint, frå gruppa sine glansdagar.
Så gode mann og kvinne som
les dette:
I dag kan det høve med eit
3x3 hurra for:
Eit komande emne som
heiter Erling Johannes, og vert 6 år 17. juli.
Ein trufast slitar frå barneår
til alderdom med namn Einar Magne, 76 år 17.juli.
PS. På ein slik dag er det
lov å ete kake!