Æresmedlem Magnar fyller 93 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jul 2020
Arkivfoto
Magnar Fet høyrer til den sterke 1927-årgangen i Velledalen. Dette året
vart Karl B. Lade, Kaspar Fet og Magnar Fet fødde. Alle tre æresmedlemar i
Velledalen IL, og markante kvar på sin måte.
Sjølv om Magnar har nådd
ein høg alder, er han langt frå utradert av VIL sine historiebøker. Han har
framleis det lengste ståande skihoppet i konkurranse gjort av ein VIL-utøvar.
54 meter i Hornindal i 1953. Elles utmerka han seg med å vere allsidig.
Sterk i vinteridrett, både hopp og alpint. Ein glimrande fotballspelar og
framifrå løpar med klippekort på Velledalen IL sine stafettlag.
I tillegg har han hatt ei
rekkje verv i hovudstyret og grupper. Særleg i alpingruppa har han lagt ned mykje
godt arbeid.
Vi
har skrive det før på VIL-Nett, men det gode kan ikkje seiast for ofte:
Min
eminente nabo, Ole L. Hole, vart ein gong spurd om kva utøvar han tykte best om
i Velledalen Han vart tagal lenge, før svaret kom:
-
Eg
held ein knapp på han Magnar ned på Fet fordi han var så allsidige!
På vegne av alle
idrettsvener i Velledalen IL:
GRATULERER MED 93-ÅRS
DAGEN, MAGNAR!