Trimbingo til Brunstadsætra 12.juli

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2020

Arkivfoto
Trimgruppa i Velledalen IL
arrangerer trimbingo til Brunstadsætra sundag 12.juli. Det vert sal av
bingolappar frå Yrkeleet (Brunstad) frå klokka 16.00. Ein får og kjøpt
bingolappar på sætra.

I eit skriv gruppa har
sendt ut heiter det:

 -
   

 Den årlege
Grillkvelden vert noko amputert i coronaåret. Det blir ikkje grilling eller sal
av mat, så vi oppfordrer folk til å ta med mat/niste sjølve.

 -
   

 Vi serverer
gratis kokekaffi – som er trimgruppa sitt varemerke

Trimgruppa melder at det
berre vert nytta vipps under arrangementet.