Ove Skylstad held fram som leiar i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jul 2020
Velledalen IL avvikla det
corona-utsette årsmøtet sitt siste veka i juni. Frammøtet var heller labert (11
personar), i eit roleg møte, utan det ein kan kalle dei heilt store sakene.
Det vart attval over heile
fjøla i laget sitt hovudstyre, der Sondre Bårnes kom inn som sjuande person, og
dermed den einaste nye.
Hovudstyret for resten av 2020 vert dermed slik:
Leiar: Ove Skylstad
Nestleiar: Atle Hole
Kasserar: Henning Tandstad
Sekretær: Malene Busengdal
Medlem: Håkon Fedt
Medlem: Myriam van Wunsel
Medlem: Sondre Bårnes
Av sikre kjelder som var
på møtet vert det hevda at fylgjande gruppeleiarar tok attval:
Langrenn: Svein Arne
Nakken
Friidrett: Alf Petter Bøe
Orientering: Pernille
Ibsen Lervåg
I trimgruppa overtok Bjørg
Frøystad Hole som leiar etter Torje Hole Bjørneseth.