Aktuelt foto frå vinteren 2005

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2020

Alt komande torsdag, seier
rykta at Olav Lundanes skal trene i Sykkylven etter Velledalen IL sine o-kart.
Noko vi er stolte av. Det skulle dessutan berre mangle. Olav frå Eikenosa i Ålesund,
og Emblem IL, kan titulerast som verdas beste orienteringsløpar.

Kva så med fotoet frå
februar 2005. Jenta som søv så søtt i beremeisa er Kristin Lundanes, yngste
søster av verdseinaren.
   Vi ser av
teksten at Olav Lundanes var éin av tre
  
brør som hasta forbi den sovande jenta. Ho måtte tidleg krøkjast for god
krok bli, veslesøster Kristin. Alle i familien Lundanes spring orientering.
Ingrid har vore med å laga kart for Velledalen IL, og held høg nasjonal klasse.
Kristin, den sovande på fotoet, var i aksjon for ei dryg veke sidan, då ho
deltok i «Oppdal 2-dagers». Laurdag 21.juni
   i klassa AK-Open, ei klasse med både menn og
kvinner. Kristin vart nest beste kvinne i klassa. Berre slegen av Pernille
Ibsen Lervåg.