May Evy Nesheim nest beste kvinne i Mefjellet Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2020
May Evy Nesheim deltok i
2019 i NM motbakkeløp. Ho gjorde då ein fin figur i klasse 40-44 år med tida
1.08.22. I dag var ho «fyrsteårs» i klasse 45-49 år i same løypa (Mefjellet
Opp). Ho stod på toppen av fjellet, sju kilometer og 1100 høgdemeter, på
1.06.08 etter ho starta. To minutt og 14 sekund raskare enn i fjor. Berre
slegen av den svenske proffen, Johanna Åstrøm. Og ho tok skalpen til ein så god
løpar som Anniken Hjellbakk Hole, og May Evy vart klassevinnar i K 45-49.
Tre beste kvinner – uansett klasse
- i løpet:
1. Johanna Åstrøm, Arc´teryx, 51.27
2. May Evy Nesheim,
Velledalen IL, 1.06.08
3. Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL, 1.06.45
Frode Mauren var Velledalen IL sin andre løpar opp Mefjellet i dag. Han
leverte ny personleg rekord med 59.56 under NM-løpet i 2019.
Sidan den gong har Frode hatt ein lengre
skade-periode, og trena lite spesifikk motbakke-trening. Difor er tida 1.01.41,
hans nest beste nokon gong, ein sterk prestasjon av Frode. Nest best i klasse M
45-49, berre slegen av ein sprek bergensar.
Dei tre beste i klasse M 45-49:
1. Dag-Henry Nilsen,
Varegg, 54.06
2. Frode Mauren,
Velledalen IL, 1.01.41
3. Tim Mak, Australia.
1.09.17
60 løparar fullførte løpet
med intervall-start. Nivået var høgt, og vi merka oss at tidlegare ordførar i
Norddal kommune, Arne Sandnes, kom under 90 minutt i klasse M 70-74. Dei tre beste
brukte vesentleg mindre tid. Her er namna på dei:
1. Johan Bugge, Eidsvåg IL,
44.06
2. Lars Åkernes Rimereit,
Eidsdal IL, 46.38
3. Per-Christian Grieg, Varegg, 47.22