Kjetil og Per-Gunnar fekk klaff med juni-vêret
Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2020
For Velledalen IL sine to
klubb-meteorologar, Kjetil Pål Brunstad og Per-Gunnar Holmberg, har ikkje det
fine vêret i juni vore nokon sensasjon. Alt midtvinters var dei to vel forlikte
om fylgjande:
-
Vi får ein skral
mai månad og ein glimrande juni.
No er juni så godt som
over, og vi må vedgå at sjeldan har klubb-meteorologane våre treft betre.
Men spådomen deira i mars
månad sa noko meir:
-
Den fine
juni-månaden vert avløyst av svakt fellesferie-vêr i juli. Men trøysta er at
august vert langt betre.
Vi vil tru det er mange
som er takksame om det kjem litt regn no.