Toppløpar klar for Velledalen IL

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Jun 2020

Constantin er ein
kvalitetsløpar. Vi såg det alt i unge år då han deltok i «Stafetten for alle»
rundt Ramstaddalen – og tok ut alt.

Så seint som i august 2019
imponerte han stort i Stranda Fjord Trail Race. Hadde det ikkje stoppa litt for
han mot slutten, hadde han vore heilt i tetsjiktet over 25 kilometer.

Og i 2020, med løpstørke
grunna corona, har han vunne Koldabakken Grand Prix på soleklar ny rekord, i
tillegg til at han debuterte i Tomasløpet i Straumgjerde med siger. Ikkje nok med dette; få dagar etter
Tomasløpet tok Constantin 3000 meter-testen på Ikornnes Idrettspark saman med
Vegard Tandstad. 3000 meter på 9.02 i sololøp fortel oss at vi har ein «skarping»
på laget.

PS: Vi nemner Paul Hole
sin klubbrekord på 1500 i juniorklassa frå 1949 på 4.22.4. Constantin er ikkje
junior, men det hadde vore gild med eit showløp over 1500 på Ikornnes i løpet
av sesongen – med 90 åringen Paul Hole som tilskodar.