Tomasløpet: Ny triumf til Constantin Rust

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2020

Constantin Rust tok nyleg
Kjell Magnar Berli sin løyperekord i Koldabakken på Hole i Velledalen. Sundag 21.juni
vann han nok ein gong eit lokalt løp, i sin fyrste start i Tomasløpet. Tida
17.55 er det nest beste som er prestert i løypa, men er litt bak Kjell Magnar
sin rekord på 17.23. På dei neste plassane kom Kristian Nedregård, Spjelkavik
& Omegn (19.16), Heine Fuglem (13), Valldal IL (19.28) og Jan Ole Fuglem,
Valldal IL, 19.35.

Så kom VIL-løparar på
rekkje og rad. Per Inge Bjørnestad (20.31), Vegard Riksheim Tandstad (21.02),
Sivert Nakken (21.36), Andreas Nakken (22.08) og Henning Tandstad (22.20).
Verdt å merke seg her er at Svein Arne Nakken sin Gyls-rekord rauk denne varme
sommardagen med lett duskregn. Den nye rekordhaldaren ber namnet Sivert Mosby
Nakken.

Eldste deltakar var Olaf
Einar Øien (77) som brukte 41.39 på den 3150 meter lange turen. Yngste deltakar
var Erling Johannes Tandstad (6). Han brukte kring tre kvarter på turen.

Av dei 19 som sprang på
tid, var to jenter. Søstrene Elida (22.52) og Vilja Fuglem (25.36) frå Valldal
IL håper nok på konkurranse frå fleire neste gong dei stiller.

Elles var det ingen
syklistar, medan trimregistreringa stoppa på talet 23.