Hoppskule og renn med klassesigrar til Jonny og Jan

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2020

Raw Hoppskole vart
arrangert denne veka i plastanlegget i Spjelkavika frå torsdag til sundag. Den
skadde storhopparen frå Hornindal, Anders Fannemel, var der som trenar. Saman
med tre andre frå Skiforbundet.

Med andre ord; her kunne
ein suge til seg kunnskap. Det nytta Jonny Mauren (12) seg av. Han har no øvd
inn og
   lært V-stilen. Persen til Jonny før
det avsluttande rennet var på 21 meter. I prøveomgangen landa han på 19,5 meter
i K 25-bakken. I 1.omgang drog han til med ny personleg rekord på 21,5 meter. I
andre omgang levert Jonny nok eit fint hopp på 21,5 meter. På fotoet som
fylgjer saka ser vi Jonny (t.v) saman med kameraten Andreas Høyberg

Jonny er for pure ungdomen
å rekne. Difor var det kjekt at Velledalen IL hadde med ein hoppar i andre
enden av aldersskalaen, nemleg Jan Ringseth (ca 75 år).
 Jan vann like
godt klasse 70+ føre Sindre Helland etter hopp på 21,5 og 22 meter. Sterkt!

Rennet samla deltakarar
frå Spjelkavik IL, Blindheim IL, Stordal IL, Hornindal IL og Velledalen IL.