Det gode rykket i Koldabakken

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jun 2020

Mathea Hole Busengdal var
debutant under Koldabakken Grand Prix 2020. 7-åringen starta saman med mora
Malene og bestemora Bjørg. I starten rådde familieidyllen grunnen, heilt til
Mathea fann ho ville prøve den nære familien med eit ørlite rykk.

Fotoet viser at Mathea
fekk betalt for rykket i form av ei luke. Om denne vart tetta mot slutten av
løpet seier soga ingenting om. Mathea kan stå som ein flott representant for
alle borna som deltok i årets løp.