Constantin sette rekord i Koldabakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2020
Kjell Magnar Berli sin
rekord frå 2014 ( på 1.24) enda sin dagar 4 juni 2020. Treningskameraten til
Kjell Magnar, Constantin Rust, formeleg flaug opp fyrste del av bakken. Litt
stiv i beina vart han nok etter kvart, men tida 1.17 osar det kvalitet av.
Medrekna mosjonistane var
godt over 30 utøvarar i aksjon. Gledeleg mange unge, med Ludvik M Hole,
Julianne Linga og Mathea Hole Busengdal som dei aller yngste.
Klassevinnarar:
Unge menn: Sivert Nakken,
1.44
Menn: Constantin Rust 1.17
Modne menn: Per –Gunnar Holmberg
3.14 (over 60 år)
Unge kvinner: Pernille
Linga (tid uviss)
Kvinner: Ingen
Modne kvinner: Ingen
Diverre vart det noko
kluss på tidtakar-fronten denne gongen. Difor vert det eit skjerpa
arrangør-korps som stiller i 2021.
Topp-10 Koldabakken Grand Prix 2020:
1. Constantin Rust 1.17
2. Per Steinar Linga 1.39
3. Lars Urke Hjorthol 1.40
4. Vegard Tandstad 1.42
5. Sivert Nakken 1.44
6. Andreas Nakken 1.51
7. Per Inge Bjørnestad 1.57
8. Henning Tandstad 2.04
9. Svein Arne Nakken 2.05
10. Olve Hole Bjørneseth
2.13
Stor honnør til dei to
superveteranane, Elling Hole (79) og Olaf Einar Øien (77), som fullførte løpet
i fin stil.
Etter løpet var det servering av sveler, kaffi og saft ved Hau-garasja.
Og premieutdeling!