1.juni er siste dag av trimpost-vandringa.
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mai 2020
Dei fleste fann det svært
lett å samle 20 trimpoeng på tre ulike trimpostar i løpet av mai månad. At det
skulle vere lett var også meininga. Kanskje kan krava bli ein
smule hardare neste gong.
Uansett var tiltaket eit
blinkskot. På dei aller fleste postane har besøket auka monaleg. Diverre gjorde
mykje snø i høgda at postane Holetindane og Brunstadkølen ikkje fekk glede av
det auka besøket denne gongen. Men ein ny aksjon, eksempelvis i august då klubb-meteorologane
Brunstad og Holmberg har spådd godvêr, ville bøte på dette.
Innlevering innan 5.juni.
Og det gjer ein til Nærbutikken Velledalen eller Bunnpris Straumgjerde.
Vi er særdeles spente på kor mange innleverte
lister vi får. Alle som betalar 50 kroner for enkeltpersonar/100 for familie,
er med i trekninga av fine premiar.
Vippsnummeret er: 100921
Så takkar vi alle for
innsatsen. Har særleg vore gildt å sjå alle barnefamiliane som har nytta
tiltaket til fellesturar på tvers av generasjonane!