SVEIN ARNE NAKKEN – Skulemann, sauebonde og gratis-arbeidar
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2020
Over vørterøla
ALDER: 54
BUSTAD: Straumgjerde
YRKE: Inspektør ved
Ullavik skule
KLUBB: Velledalen IL
Under siste punktet kjem
Velledalen IL
inn. Vi skal ikkje
utbrodere, men nemner at mannen hadde vore mange-millionær om han eksempelvis hadde
fått 200 kr timen for arbeidet han har lagt ned for Velledalen og Straumgjerde
(les Velledalen IL og VRF).
Elles er Svein mest kjend
for eit langt over snittet ekte og brennande engasjement i dei sakene han
engasjerer seg i.
I det ligg det mellom anna
at han likar tyne kroppen sin. Han har passert 10 Vasalopp (90 km) i Sverige,
han har passert 25 Birkebeinerrenn (20 merke) og han har teke alle trimpostane
på same dag. Han kjempar den gode strid mot sønene Andreas og Sivert på ei
rekkje frontar. Sakte men sikkert tek dei den eine etter den andre av Svein
sine rekordar. Og Svein likar det. Men på nokre frontar held han stand. I lange
løp i motbakke er Svein både seig og uthaldande, så vi trur ikkje det
sportslege generasjonsskiftet i Gyls-garden er fullbyrda i løpet av det komande
året.
Avslutningsvis nemner vi
at Gyls-Svein er ein glitrande imitator. Faktisk langt betre enn mange av dei som
plar entre lokale scener med jamne mellomrom. Om det hadde vorte knipe på alle
andre frontar, trur vi Gyls-bonden kunne livnært seg av stand-up i ei
overgangsfase.
PS. Svein har slutta med
o-løp, etter at han og friidrettsleiar Bøe sprang seg ville på Emblem for eit
par år sidan.
Er vørterøl favorittdrikken din?
Nei,
vørterøl er på ingen måte noka favorittdrikke. I samband med lange og harde
treningsykter og/eller konkurransar som td. Vasaloppet og Birken, går likevel
det meste som er flytande ned på høgkant når det har byrja å «balle på seg» med
antal tilbakelagde kilometer. Favorittdrikka må nok vere søtmjølk, men ulike
variantar av brus står også høgt i kurs.
Kva er favorittretten din?
Godteri et
eg vanlegvis lite av, men sjokolade er noko som det ikkje blir spart på dersom
det kjem mellom hendene på meg. Sameleis med iskrem. Grovskiver med banan og
sylte er alltid «bankers».
Når det
gjeld middagsmat, så reknar eg meg som altetande innanfor rimelegheitens
grenser. Men eg et sjølvsagt ikkje flaggermus og slikt som kinesarane lager
Koronavirus av. Heimelaga fiskekaker og biff med fløytegratinerte poteter er
blant favorittane. Saudekjøt i ulike utgåver er eg vel programfesta til å ta
med. Eg vil også nemne lasagne som ein favoritt. Eg hugsar fyrste gongen eg
smakte denne retten. Endré Tandstad og eg var på Cupfinale-omkampen mellom
Rosenborg og Brann i 1988 og overnatta med syster til Endré, Linda og familien
i Lørenskog. Laurdag kveld fekk vi servert lasagne, noko eg aldri hadde smakt før.
Det syntest eg var så godt at eg tenkte at: «Noko betre enn dette går det ikkje
an å få...»
(Dessverre
vann trøndergribbane denne kampen med 2-0 etter to raske scoringar av Gøran
Sørloth og Karl Petter Løken i fyrste omgong).
Fortel om idrettskarriera di.
Å bruke
ordet karriere høyrest så profesjonelt og seriøst at det ordet passar ikkje for
meg. Spør du meg i staden om korleis eg har drive med fysisk aktivitet, føler
eg meg meir dus med spørsmålet.
Det starta
for så lenge sidan at eg knapt kan hugse det. Eg slengde meg med på nokre
gateløp og terrengløp her og der i sommarhalvåret, og deltok i lokale skirenn
om vinteren som gutunge. Innanfor fotballen var det så som så. Eg stod litt i
mål på V:R.F. sine aldersbestemte lag opp til gutenivå, men var alt for ujamn i
prestasjonane. Eg fann rask ut at skulle eg drive noka form for
konkurranseidrett, måtte det bli innanfor uthaldsidrettane, springing og
langrenn.
I fotballen
fann eg likevel mi «grein». Oppmann, lagleiar, sportsleg leiar, bussjåfør,
skadebehandlar og litt «alt-mulig-mann» i V.R.F. frå eg var vel 20 år gamal og
fram til tulne folk fann ut at dei skulle legge ned laget, er noko eg ser
tilbake på som ei fantastisk tid. Finalen i Norwaycup i 1990 for gutelaget mot
Tromsø IL er sjølvsagt blant høgdepunkta. Opprykka til V.R.F. sitt herrelag i
1989 og 1994 står også høgt på lista over ting eg har fått vore med på som
tillitsvald og funksjonær. Dei to opprykksløpa mine frå Stranda til Aure i 1989
og frå Hundeidvik stadion via Slettegjerde og Dalemyra og ut til Sykkylven
stadion og så innatt til Aure i 1994 er minne for livet. Mange ulike personar
kom og vart med meg på ulike delar av distansen.
OL på
Lillehammer i 1994 som frivillig funksjonær og sjåfør var også stort. Som
sjåfør var eg akkreditert til fritt kome inn der eg sjølv ynskte. Eg fekk køyre
store idrettspersonlegdomar, eg gjekk inn og ut av deltakarlandsbyen der alle
dei store idrettspersonlegdomane budde osv. Kjem det OL til Noreg ein gong til,
kjem eg garantert til å melde meg som frivillig funksjonær ein gong til.
Det er likevel på ski eg har hatt dei største opplevingane som aktiv
utøvar. Å greie det fyrste merket i Birken i 1994 var stort. Likeeins å ta det
10., 15. og det 20. merket. Å fullføre det fyrste Vasaloppet i 2008, var også
heilt fantastisk. På førehand var eg i tvil om eg i det heile tatt ville greie
å gå så langt på ski, men det var ikkje verre enn at eg per no står med 11
startar og 11 fullførte løp gjennom dei svenske skogane. Må også nemne ulike
motbakkeløp som Varden opp i Langevåg, Geiranger frå Fjord til Fjell, Skåla Opp
i Loen og Mefjellet opp å Fjørå. Dess brattare, hardare og lengre dess betre.
Då hamlar eg opp med løparar som eg knapt rekk å sjå ryggen før dei fer avgarde
på når det er snakk om flate løp. BMW Oslo Halvmaraton er også blitt ein liten
tradisjon...
Korleis og kvifor medlem i Velledalen IL?
Eg har vore
medlem i Velledalen IL mest heile livet. Det fall seg berre naturleg sidan eg
budde i nedslagsfeltet. Eg hugsar den dagen eg melde meg inn. Det var gateløp på
Aure. Dersom eg melde meg inn vart det rimlegare å delta, og då betalte vi
medlemskontingenten ute på Aure. Åge Johnsen var med som lagleiar denne dagen,
og han tok oss med på ei slitsam oppvarming. Oppvarminga var så pass langvarig
og hard at eg var godt «fesen» då sjølve løpet starta. Eg låg godt an, som nr.
2, då vi runda oppe ved Blinken, men enda lengt bak i leksa då vi kom i mål der
Nøstekroken har butikklokala sine i dag.
Velledalen
IL har hatt eit godt og inkluderande miljø, og tanken på å skifte klubb har
ikkje vore aktuelt. Eg må dessverre legge til at eg eitt år måtte delta i
langrenn for Sykkylven IL. Det var det året Velledalen IL fann ut at dei skulle
melde seg ut av Møre og Romsdal Skikrets for å spare pengar...(?). Skulle eg
delta i KM, som var i Volda det året, hadde eg ikkje anna val enn å melde meg
inn i ein klubb som var medlem i
Møre og
Romsdal Skikrets. Det vart heldigvis berre med det eine året i Sykkylven IL.
Der følte eg meg ikkje heime, og var rask med å kome meg «heimatt» då Atle
(Hole) lova at Velledalen IL ville melde laget inn att i Møre og Romsdal
Skikrets til den komande skisesongen.
Når var du sist på ein VIL-trimpost?
Eg er med
ujamne mellomrom innom mange av trimpostane til Velledalen IL. Sist det skjedde
var på morgonkvisten 17. mai no i år. Då var Anita og eg ein tur opp på Bruna
og skreiv oss inn i boka. Det var ein fin, men merkeleg tur. Tenk å kome opp på
Bruna på 17. mai, vel ein månad før sommar-sol-snu og måle 47 cm tung og våt
nysnø på vegen ved «Grindaløå». Eg tenkte med ein gong at her vert det
dessverre lenge til før vi kan sleppe sauene på sommarbeite...
Den 25.
juli i 2017 tok eg forresten alle VIL sin trimpostar på ein dag. Det vart ein
lang og hard dag som inneheldt det aller meste frå varmt fint sommarver til
torever og enorme nedmørsmengder i form av regn mot slutten. Totaltida enda på
13.20.10 (13 timar, 20 minutt og 10 sekund).
Mål for det neste året?
Eg set meg
ikkje så store mål, men å henge med i dei ulike løpa i Ålesundsløpene (sommar-
og vinterkarusellen, Eikenosa Opp, Østemssætra Opp, Blodslitet) må eg prøve å
få med meg dersom dei vert arrangerte dette året. Dersom Skåla Opp i Loen vert
arrangert, vil eg prøve å stille der. Det same med Varden Opp i Langevåg,
Mefjellet Opp i Fjørå og Jordbærdilten i Valldal. Etter nesten to månader med
sauepass, lammingstid og litt tømmerhogst har det blitt lite tid til trening.
Vidare gjer ein nerveskade under venstre fotblad sitt til at treningsgrunnlaget
for tida er så som så. Men, eg prøver å lure meg til nokre treningsturar i all
stillheit når sjansen byr seg. Resten får eg ta att på heimlengsel og rutine...
Til
vinteren står sjølvsagt Furusjøen Rundt, Vasaloppet og Birkebenerrennet på mi
eiga terminliste. Stiller eg i Vasaloppet blir det mitt 12 lopp etter å ha
stått over dei to siste åra. Birkebeineren blir i såfall mitt 26 løp. «Time
vill show,» som Rudolf Blodstrupmoen i Flåklypa Grand Prix ville ha sagt det.Favorittmusikk?
Innanfor
musikken er det enormt mykje bra. Eg set korpsmusikk høgt. Det same gjeld kor
og song. Når Velledalskoret held konsert, reknar eg meg som fast tilhøyrar.
Norsk-På-Norsk står høgt i kurs med artistar som Jahn Teigen, Øystein Sunde,
Ivar Medås, Alf Prøysen, Salhuskvintetten, Tre Busseruls, Vestlandsfanden,
Bjørn Eidsvåg, Ole Paus og Vamp. Desse høyrer eg ofte på. Tekstane deira er her
det sentrale.
Av
internasjonale artistar må eg nemne Elvis Presley, Jim Reeves, Lois Armstrong,
Fats Domino, The Beatles, ABBA, Bee Gees, Eletric Light Orchestra med fleire.
60-talsmusikk og danse-bandmusikk er også blant favorittane. All musikk som har
eit «slagerpreg» over seg, er god musikk.
Til trening
og konkurransar bruker eg aldri musikk. Då vil eg vere konsentrert å få med meg
det som skjer rundt meg utan forstyrrande element. Å jogge rundt i trafikken
med øyrepropper og musikk på full guffe er dessutan livsfarleg, og her vil eg
be dei som div med dette sjansespelet om å tenkje seg nøye om!
Kva likar du å sjå på fjernsyn?
Fjernsynssjåing blir det lite tid til. Eg høyrer
derimot ein del på radio når eg køyrer bil.
Skal eg prioritere å sjå noko på TV, må det bli
Kveldsnytt og liknande nyheitsprogram.
Sportssendingar er også noko som kan bli prioritert,
helst fotballkampar og vinteridrett som ski og hurtigløp på skøyter. Programma
til Linda Eide prøver eg også å få med meg.
Eg likar ikkje å innrømme det, men det var ein periode
på 80-talet at eg prioriterte «Dynastiet» og «Falcon Crest» framom det meste.
Heldigvis gjekk eg lei og sidan det har eg passa på å halde meg vekke frå slike
«evigheitsseriar». Å sitje og sjå på seriar er etter mitt syn TOTALT vekk-kasta
tid.
Kvar likar du best å feriere?
I feriane likar eg best å ta ein tur for å besøkje
familie, slekt og vener. Turane til Sørlandet og Farsund er sjølvsagt
obligatoriske. Då dreg vi med oss campingvogna og bruker eit par-tre dagar på
turen ned og tilsvarande på turen heimatt. Undervegs på desse turane likar vi i
familien å få med oss nokre fjellturar som Galdhøpiggen, Glittertind,
Besseggen, Preikestolen, Kjeragbolten, Gaustadtoppen for å nemne nokre kjende
utfartsmål. Eg likar definitivt IKKJE å ligge i telt, så desse turane blir
dagsturar slik at eg kjem meg innomhus (les campingvogna) før natta fell på.
I Farsund parkerer vi vogna ved huset til Anita si
syster, Berit og mannen, og så er vi saman med dei i eit par veker før vi
vender nasen heimatt til Straumgjerde for å gjere unna andreslåtten.
Anita, gutane og eg har også hatt nokre flotte turar
til Bulgaria og Hellas som eg har sett stor pris på. Eg er ingen luksusmann, så
storbyferiar på hotell er absolutt ikkje mi greie. Det vert dessutan altfor
kjedeleg å trakke rundt i bygatene og innom alle slags butikkar.
Har du eit treningstips å dele med lesarane?
Tren variert og tren saman med andre. Det er mykje
meir motiverande og forpliktande enn å halde på åleine. Må ein trene åleine, er
klokka ein viktig motivator. Ta tida på deg sjølv, f.eks. opp på Bruna i
Straumgjerde, og konkurrer med deg sjølv deretter. Det er også viktig å vere
med i ulike løp og konkurransar. Då yter ein mykje meir enn om ein berre
trenar. Det å presse seg ut over komfortsona gir sjølvsagt auka kapasitet. Ein
annan faktor med å fare rundt på ulike konkurransar er at då treffer ein nye
folk som ein blir kjend med og blir del av eit inkluderande og kjekt miljø. Dei
fleste personar vinn seg, som kjent, med bekjentskap...