Snøras over mykje brukt treningsveg
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mai 2020
I kveldinga 16.mai gjekk
eit snøras over vegen mellom Fet og Straumsheim og i Fetvatnet. Dette er ein
mykje brukt treningsveg mellom anna av utøvarar frå Velledalen IL. Vegen er i
god stand og er framifrå til jogging og som turveg.
Heldigvis gjekk alt bra
denne gongen. Men strekninga er rasfarleg
når det er mykje snø i fjella. I slike periodar kan det vere lurt å
droppe turane på strekninga Fet-Straumsheim.