Jan Rakottyai – i motorsport-miljøet «Rakett-Jan»
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2020
ALDER: Blir 40 i år
YRKE: Arbeidsstaden er
Sykkylven Stål
BUSTAD: Sentrumsområdet
KLUBB: Velledalen IL
Debuten som VIL-utøvar
gjorde han under Konradløpet i 2017. Tida vart 20.38. Høgst respektabelt for
ein debutant som før dette hadde brukt mesteparten av fritida på bilkøyring.
Men Jan har hivt seg med
langt tøffare prøver enn Konradløpet. Vi kan nemne Hornindal Rundt og Stranda
Fjord Trail Race, som to av dei største kraftprøvene han har fullført.
Meir om Jan: Han kom til
Noreg som arbeidsgjest, og vart lenger enn fyrst planlagt fordi han likte køyre
traktor. Etter ei tid i landet vårt, fekk han seg jobb på Sykkylven Stål, og
der trivst han så godt at han har blitt i Sykkylven. Det svært få veit – i alle
fall i VIL-miljøet – er at Jan er utdanna trekkspel-lærar og har undervist i
dette utanom heimlandet.
Men den store
lidenskapen er bil. Frå informert hald får vi opplyst at Jan Rakottyai heile
tida har fleire bilprosjekt på gang. Kjøpe bil, selje bil, mekke bil, bygge
større garasje til bil, vaske dekk, flytte dekk, bygge nye hyller til dekk. Og
det er snakk om mange dekk, kanskje så mange som 100, melder informanten. Som lesarane våre kanskje skjønar, driv
Jan med bilsport. Han er høgt premiert innan fleire typar av motorsport, der
han går under det klingande namnet «Rakett-Jan».
Velledalen IL er ein
typisk breiddeklubb, der utøvarar som Jan Rakottyai naturleg høyrer heime. Under
sist Idrettsgalla fekk Jan pris – saman med Ivar Flo - for raus betaling av
medlemskontingent.
PS. Om nokon kan tipse oss
om datoen for Jan sin 40 års dag er det fint!
Jan
Er vørterøl
favorittdrikken din?
Nei, det er det
ikkje. Kaffi er favorittdrikken – og vatn med kolsyre.
Kva er
favorittretten din?
Har ikkje berre
ein, men fleire. Kan nemne potetball, fårikål og fiskegrateng som store
favorittar.
Fortell kort om
idrettskarriera di.
Den starta for om
lag tre år sidan, når venninna mi Radka sa til meg «no må du bli med på
fjelltur. Du kan ikkje halde på med bilar heile tida.» Eg vart med på ein tur
inn Brunstaddalen. Det tok til å regne skikkelig etter ein time, og turen tok
fem timar. Då tenkte eg «Dette har ikkje eg tid til, vi må finne noko meir
effektivt som tek mindre tid». Der starta løpekarriera mi, med Konradløpet som
første løp.
Korleis og
kvifor medlem i VIL?
Det hugsar eg
ikkje heilt. Men eg trur det var etter at NAF Motorsport vart lagt ned, då stod
eg utan klubb, og sakna nokon å dele interessa mi med. Eg trur det var
Konradløpet som gjorde at eg fekk kjensla av av Velledalen IL var ein fin klubb
å melde seg inn i – og det var det! Tusen takk for muligheita!
Når var du sist
på ein VIL-trimpost?
Det trur eg må
vere under ei motbakkeintervall-trening saman med VIL-gjengen.
Sportsleg mål
for det neste året?
Opphavleg var det
fire helger med «løpeløp» og fire helger med billøp. Men dei siste månadane er
alt blitt endra, så vi får sjå til slutt korleis det endar for løpa våra.
Favorittmusikk?
På dagtid går det
i Radio Ålesund, dei spelar bra musikk og held oss oppdatert med nyhende frå
distriktet. På kveldsarbeid høyrer eg mykje på Sting, og dei norske artistane
Gabrielle og Susanne Sundfør. På hobbyverkstaden er det helst klassisk musikk - for tida Beethoven sine symfoniar. Til trening høyrer eg ikkje musikk, då må eg
konsentrere meg, og passe på at eg ikkje snublar i terrenget.
Kva likar du å
sjå på fjernsyn?
Diverse tekniske
filmar. Do It Yourself-videoar på YouTube ser eg mykje på, og mykje billøp. Av
seriar likar eg å sjå skandinaviske og britiske krimseriar.
Kor likar du
best å feriere?
Bobilturar i Noreg
er kjekt, og då er Lofoten favorittdestinasjonen. Ja, og sjølvsagt ferie i
Slovakia med resten av slekta er heilt topp, og passelig varmt. Sydenturar blir
derimot for varmt.
Har du eit
treningstips å dele med lesarane?
Tolmod og regelmessig
trening – det er det som fungerar for meg. Kiloane går sakte ned, og forma
sakte men sikkert opp. Trenar ein ikkje regelmessig snur det seg fort. Det kan
eg stadfeste av eigne erfaringar!