Jarle Konrad 80 år 11.mai
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2020
Sportsleg er Jarle Konrad
klart best kjend frå skyting. Det er ikkje akkurat få Landsskyttarstemne karen
har delteke i. Kontaktnettet hans i greina er
enormt.
Men at han på sine eldre
dagar skulle slå seg på springing, var meir overraskande. Konkurranseløpar i
ein alder av 68 år. Rett nok gjekk han mykje fjellturar. Så greie det skulle
han, det var det ingen tvil om. Det var trass alt ikkje meir enn 4,45 km, dette
Konradløpet, som det var så mykje gnål om – fordi han tilfeldigvis heitte
Konrad som mellomnamn og fekk gratis deltaking.
Han mangla ti dagar på 68
år då han debuterte. I 2008. Han kom greitt til mål. Tida vart 28.51. Bra for
alderen, men Jarle visste han kunne greie dette betre. Han la seg i trening. Resultatet
let ikkje vente på seg. Året etter gjorde han 25.47 som 69-åring. Tre minutt og
fire sekund raskare enn då han debuterte!
Tredemølla var på plass i
kjellaren, og den vart brukt! I fem Konradløp på rad sette han ny personleg
rekord. Som 72-åring gjorde han sterke 23.02. Han sprang no så fort at han vart
lagt merke til. Og han brukte ikkje det lettaste og beste utstyret heller - langt der i frå!
Tida hans var no så god,
at det var ikkje beinsmia å bli betre. Dei neste åra gjorde storbilmekanikaren
23.22, 23.26 og 23.06 – med andre ord særs stabil - før han som 76-åring fleska
til med 22.44!
Prøv deg på den det året
du du fyller 76, du også!
Frå år 2008 har Jarle
Konrad Fausa vore på plass kvart einaste år – tolv strake løp. 10 dagar før 80
års dagen var han påmeld til sitt 13. Vi veit korleis det gjekk. Avlyst. Men Konradløpet håper vere tilbake
i 2021. Med Jarle Konrad på plass. Ein mann
av Konrad Brunstad sin smak – garantert!
Velledalen IL gratulerer
Jarle Konrad Fausa med 80 års dagen – ein spenstig 80-åring vi er stolte av å
kunne framsnakke!
Atle Jomar