Fin gest til turfolket!

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mai 2020

Besøket til VIL sin trimpost i enden av skogsvegen Hjorthol har
eksplodert sidan sesongen starta i oktober 2019.
 Frå 1.mai 2020 vart Koppen «Stikk-Ut»-turmål, i tillegg til at også den
er trimpost for Velledalen IL. «Stikk-ut-folket» kjem ofte langvegsfarande,
spesielt i godvêrperiodar.

Alt dette gjer at «presset»
på den fine, tillaga parkeringsplassen i nedre ende av skogsvegen Hjorthol aukar.
Og vi har alt sett, at det til og med aukar mykje.

Vi vil tru at hos dei
fleste vil Hjorthol Grunneigarlag sin plakat på parkeringsplassen kalle fram
smil og gode kjensler. For der står:

 -
   

 GRATIS PARKERING - GOD TUR!

Fortente verbale roser er
med dette delt ut til Hjorthol Grunneigarlag!

GOD TURHELG til store og
små, unge og eldre!