Kommentarar frå Bjørn Arve og Frode
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2020
Bjørn
Arve sende meg denne komnentaren etter at han fekk nokre biletseriar som e-post
frå meg:
"Tusen
takk for fine bilete. Er ein dag eg vil minnast for livet. Ikkje berre for
prestasjonen, men også for samhaldet i løparmiljøet. Mvh. Bjørn Arve Brune
Og
Frode Hoprekstad har sendt desse kommentarene dagen derpå:
"Hei
Totalt
vart det sprunge 521km tilsaman av alle som tok del.
Heilt
fantastisk dag. Eit minne for livet. Aldri trudd at det skulle bli så mykje
folk og sånn stemning. Mistenker at du har ein finger med i spelet her, Svein,
så tusen takk!
Ein
ting er å ha gjennomført det, men det var alt rundt som gjorde det så spesielt.
Tre mann som fullførte 105km, ein 16 åring som sprang maraton ++, ein annan som
sprang seg heilt tom, men klarte likevel å fullføre. 35 personar på alle rundar
bortsett frå på ein etappe i tillegg til oss tre som sprang alt. 14 ulike
personar totalt som sprang.
Heile 11 på siste runden,
Velledalen IL, Sykkylvsbladet, dronefilming av Inge Løset. Nei, det kunne ikke
blitt større og betre
Evig takknemmeleg for alle som var med og hjelte til
og gjorde dette til beste dagen på veldig lenge!
Mvh. Frode H.