Stunt-kameratane greidde 105 kilometer
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2020
Arena for galskapen var
Andestad-stranda. Starten gjekk klokka 07.00, og med ny start kvar heiltime.
Kvar «runde» var på sju kilometer. Farta var slik at i starten vart det kring
20 minutt pause mellom kvar start. Siste start gjekk 21.00, slik at heile
prosjektet var avslutta ein stad mellom 21.45-22.00.
Frode Hoprekstad, Per Inge
Bjørnestad og Bjørn Arve Brune (Stranda) var med på heile turen, som altså vart
på 105 kilometer – eller sagt på ein annan måte; to og ein halv maraton.
Stunt-kameratane hadde selskap av fleire lokale løparar på turen. Frå
Velledalen IL nemner vi Alf Petter Bøe og tre blad Nakken. Unge Andreas Nakken
sprang heile 45 kilometer denne laurdagen, meir enn ein heilmaraton. Sivert
Nakken nøgde seg med 35 kilometer.
Velledalen IL gratulerer
med gjennomføringa! Dette må vel gi pris på neste Idrettsgalla….?
Det neste no reknar vi med
vert deltaking i løp over 24 timar, ei populær øving mellom hardbarka ultra-løparar…. Dei næraste dagane vil vise om nokon i
trioen får skadeavbrot av det friske påfunnet.