Ole-Peder stakk frå og vann Korona-Konrad.
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2020
Løp og løp fru Blom.
To sprang,
resten gjekk. Og ta det heilt med ro…. Klubblege 2 i Velledalen IL, Christina
Holmberg, var på plass og sytte for at det helsemessige var teke vel i vare.
Den komande togføraren,
Ole-Peder Kristian Holmberg, stakk tidleg frå. Og han såg seg ikkje tilbake,
men stogga for å justere knytinga på skorne. Han segla over målstreken på
23.00. Nærast kom gartnaren, Per-Gunnar Holmberg, som representerte Team Bøe på
framifrå vis. Då hadde klokka bikka halvtimen. Kampen om tredjeplassen stod
mellom ekteparet Grethe og Odd-Kåre Fet. Neste klikk i mål var familien Hans
Olaf Holmberg, som i tillegg til klubblegen og Sophia, også mønstra ein hund.
Bakerst gjekk Bendik Hole Alnes og Arne Emdal Sørensen og sytte for at alle kom
seg vel til mål.
Vi håper dette vert det
einaste Korona-Konrad i Velledalen. Forholda var særs gode under løpet.
Overskya, ingen vind, 4-5 plussgrader og opphaldsvêr.
Måtte alt vere normalt
igjen til 1.mai 2021!
Og takk til dei som også
dette året bar tradisjonen frå 2002 eit steg vidare i historia!