Jo André Tandstad: Mange-syslar innan idrett

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2020

ALDER: 35

BUSTAD: Langevåg

YRKE: Prosjektleiar for
Inmarsat (Ålesund)

KLUBB: Velledalen IL

Jo André starta med
fotball og Bordtennis. Hasta vidare med friidrett, judo, volleyball, før han
slo seg på kondisjonsidrett med sykkel som fyrste grein. Så vart det løp og
romaskin. I sistnemnde grein tek han stadig steg mot god nasjonal klasse.

Vi kan ikkje gå inn på
alle idretteane til Jo André, men vi slår fast at han er allsidig. Han er stor
og sterk, med ein kropp dei fleste ekspertar ville omtala som. «Ingen typisk
løparkropp». Difor er det rett og slett ein sensasjon at han i 2011 sprang Konradløpet
på 16.30, og 16.33 året etter. Han har også par-rekorden i Konradløpet på
37.27. Sett i 2011 i spann med Kathinka Havnegjerde.

Paret som i 2011 var
sambuarar er i dag gifte, har to søner og bur i Langevågen. Strategisk ved
turløypa rundt Vassetvatnet. Av hobbyar kan nemnast heimekino/audiofili og
ulike snekkar-oppdrag i «do it yourself-kategorien».

Jo André likar å bygge og
ordne ting sjølv, og er flink til snekring. La kanskje grunnlaget ved Møbeltre
og Stjernemadrassen i unge år. Han er kjend som ein positiv og lettliva kar,
som årleg arrangerer «Tandstad Garden Games» - for familien med stor deltaking.

Sett med VIL-auge er det
interessant at våre mest allsidige utøvarar driv med idrettar som OCR hinderløp
og roing – på romaskin.

PS. Minnest godt «bølgje 2»
i bordtennis i Sykkylven, med Ullavik skule som treningsarena for ei relativt
lita gruppe aktive.
 Stjerna der heitte Jo André Tandstad
  
 Jo André

Er Vørterøl favorittdrikken din?

Nei,
dessverre har ikkje smakssansane vent seg til smaken av vørterøl, men Pepsi
Max, derimot. Det er gull!

Kva er favorittretten din?

Er veldig svak for heimelaga pizza. Elles er laks med tagliatelle og
creme fraiche overraskande godt.

Fortel kort om
idrettskarriera di.

Det byrja med fotball og bordtennis. I fotball hadde eg god styrke i
venstrefoten, men det var stort sett alt, så der gav eg meg tidleg. Bordtennis
spelte eg derimot aktivt i 15-20 år. Har elles vore innom friidrett, judo og
volleyball, før eg i 2005 byrja med kondisjonsidrett. Starta med sykling som
var hovudidretten første tre åra, og var med på ein god del ritt, alltid med
terrengsykkel. Hovudmålet var likevel heile tida å sykle rundt Sykkylsvfjorden
på under 25 minutt. Når eg klarte det på 24:59, gjekk lufta litt ut for
sykkelinteressa. Den sesongen satt eg 4 000 km på sykkelsetet. I 2006
lokka foreldra mine og søstra mi meg med på Konradløpet, og eg vart «bitt av
basillen». Konradløpet og Skåla Opp har sidan den tida vore favorittløpa mine.

Korleis og kvifor
medlem i Velledalen IL?

Som ung «hynfant» i bordtennisverda vart eg ofte intervjua av ein særs
triveleg kar som heitte Atle Hole. Eg likte den gode humoren hannar og den
brennande interessa for lokale og gjerne smale idrettar. Såleis kan ein vel
konkludere med at Atle var min inngangsbillett til VIL når eg byrja med løp.
Når han sat ved roret så måtte dette laget vere innertiar for meg.

Når var du sist på
ein VIL-trimpost?

Sist gong eg tok del i Tomasløpet. (Journ.anm: eit løp som Jo-André var
med på å starte opp, og tok del i seinast i 2019.)

Sportsleg mål for
det neste året?

Topp 10 i NM i
romaskin kan vere innanfor rekkevidde, samt toppe Noregsrankingen på dei fleste
mellomdistansar, altså frå 2 000 til 10 000 meter. Samt kome i god
form til løpsesongen 2021.

Favorittmusikk?

Til vanleg eldre rock
og akustisk musikk. Til trening må blodpumpa aktiverast, så då er stikkorda:
hardt, tungt og høgt!

Kva likar du å sjå
på fjernsyn?

Filmar og seriar.
Favorittfilmane er Shawshank Redemption, Boondock Saints og Pulp Fiction. Beste
seriane er House MD og Suits. No for tida går det i Suits og Tiger King.

Kor likar du best
å feriere?

Trivst veldig godt i
Noreg, gjerne på bilferie til nye og litt ukjende lokasjonar. Mikkelparken i
Kinsarvik er eit slik eksempel, og kan anbefalast på det sterkaste for
bornefamiliar. Elles var ikkje turen til Afrika å forakte, med Kilmanjaro,
safari og ei veke på Zanzibar.

Har du eit
treningstips å dele med lesarane?

Personleg er eg velig
glad i å analysere treninga mi i ettertid, så verkty som Strava og Concept
2-rankingen har vore glimrande til dette. Elles så er det å finne ei
treningsform som ein finn glede i, og ikkje ta det for hardt kvar gong!