Bruna trimpost: Mange gjeng mykje!
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2020
Vegard Tandstad har sendt
ein særdeles innhaldsrik rapport frå Bruna trimpost, datert 24.april. Den
omhandlar alt frå orreleik til store mørketal ved posten. Det er verdt å merke
seg at han hadde med ekspert-kommentator på turen.
Fyrst i rapporten skriv
Vegard litt om fenomenet Jan-Kåre Oterhals:
-
Jan-Kåre Oterhals
er tett på 500 turar, og talet aukar veldig jamt! Om ein rundar av til 300
høgdemeter oppover per tur, så tilsvarar det nesten 17 turar opp på Mount
Everest.
På dei neste plassane
nemner meldaren vår Inger Riksheim med 313 turar den 24.april, og at Ingunn
Hunnes (om lag 160 turar) og Solveig Olsen (om lag 155 turar) duellerer tett om
3.plassen på lista. Fantastiske prestasjonar alt i hop. Inger og Einar Fet vert
også nemnt som eit par som går mykje.
I ei så omfattande
bokutgåve som trimboka på Bruna er, er det ikkje lett å plukke ut kven som har
gått mest av den yngre garde, men han nemner at i alle fall Lise Rotnes har
gått ein del med borna. Den fyrste trimboka på Bruna er alt skifta ut, som
fortel at posten hittil er best besøkt mellom VIL sine 14 postar.
Gjennom vinteren har
skigåing – særleg i retning Langeneset – vore ein populær aktivitet. Her vert
Einar Riksheim og Bente Hjelle sine namn trekte fram som trottige.
Siste bolken i meldaren sin
rapport handlar om orreleik, noko han også prøvde filme.
Dette kan andre og prøve,
då ekspertkommentatoren som var med, meinte sjansane var gode om ein gjekk tur
tidleg, eller seint.