Langt mellom dei innskrivne på Høgsætra trimpost

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2020

Trimposten Høgsætra Fet
har alltid vore mellom dei svakaste målt etter besøk. Då 2018-vinnaren av
posten, Alf Petter Bøe, sjekka stoda nyleg, kom han med denne tilbakemeldinga:

6 turar: Henning Tandstad

4 turar: Ole Jostein Fet

3 turar: Helen Longva Fet

2 turar: Lars Arild
Rokseth

1 tur: Hannah Velle og
åtte andre

Med andre ord bleike 24
noteringar på 200 dagar. Som betyr at i snitt har det hittil vore eitt menneske
på posten kvar åttande dag.

Av desse ingen unge
utøvarar.

Det fine med posten er at
her er alt ope. Personar som enno ikkje har vore der, kan få resultat her.
Målet for posten bør vere å ende sesongen med eit tresifra tal signeringar!