Over vørterøla: Nikolai Handle Jensen
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Apr 2020
NIKOLAI – startrask kar
som flyt på farta
ALDER: 33
BUSTAD: Fornebu
YRKE: Fysioterapeut
KLUBB: Velledalen IL/Team
OCR Norway
Nikolai Handle Jensen er
truleg Velledalen IL sin mest allsidige utøvar. For kven kan matche å ha vore
innom fotball, ishockey, langrenn, sykkel, løp og OCR hinderløp. For tida er
det løp og OCR hinderløp han syslar mest med. I 2019 leverte han fleire gode
løp i Toughest-serien der konkurransen er knallhard. I tillegg var han med på
det norske laget – saman med sambuar Anette Heimli Jokstad og Marcus Megrund - som tok 9.plass i langkonkurransen i VM i London.
I sommar deltok Nikolai i
Camp Velledalen. Innlagt her var deltaking i Ålesund Sommarkarusell i Ålesund.
Her vann Nikolai 5 km på den fine tida 17.13.
Av andre løp utan hinder i
2019, nemner vi Hytteplanmila ved Hønefoss. Her kom Nikolai inn på 36.00. Ei
tid ikkje veldig mange av løparane i Velledalen IL ville straffa.
Elles var det synd at
årets Konradløp vart avlyst. Her var det meininga at Nikolai skulle stille, og
på ein god dag ville han saman med Kjell Magnar vore ein soleklar pallkandidat
for Velledalen IL. Og han kunne blitt fyrste VIL-løpar under 15 minutt i det
4,45 km lange løpet, trur vi.
Klipp Velledalen IL har
fått frå Toughest-konkurransane viser at Nikolai også er ein glimrande
motivator for sambuar Anette når hindera er krevjande, og på grensa til det
uovervinnelege. Det var svært kjekt å fylgje paret sist sesong gjennom foto,
videoklipp og gode stemnerapportar. Folkeopplysning av beste merke om ei ukjend
idrettsgrein!
Nikolai
Er Vørterøl
favorittdrikken din?
Nei, det er nok Pepsi
Max. Til morgon og kveld, nesten.
Kva er
favorittretten din?
Pizza.
Fortel kort om
idrettskarriera di.
I barndommen spelte
eg fotball og ishockey. Frå 12-13-årsalderen vart det berre fotball. Som
16-17-åring testa eg litt langrenn og sykling parallelt med fotball. Testa mitt
første hinderløp (OCR) i 2013, og når eg trappa ned fotballen i 2017, der eg i
hovudsak spelte for Røa i tredjedivisjon, blei det meir og meir hinderløp på
meg og Anette (Jokstad, journ.anm.). Frå 2018 byrja vi å konkurrere i
hinderløp, også i utlandet.
Korleis og kvifor
medlem i Velledalen IL?
Møtte tidlegare
Røa-lagkamerat Njål Torillson Tyssing under ei intervalløkt på Bislett og byrja
å trene med det som etter kvart vart kalla Osloavdelinga. Då var det naturleg
med medlemskap!
Når var du sist på
ein VIL-trimpost?
Under «Camp
Velledalen» i 2019.
Sportsleg mål for
det neste året?
Mange løp blir avlyst
for tida. Hovudmålet blir nok Toughest-serien til hausten. Har og lyst å setje
ny rekord på 5 km og 10 km.
Favorittmusikk?
Høyrer på veldig
mykje rart. Men må nemne Survivor – Eye of the Tiger!
Kva likar du å sjå
på fjernsyn?
Mesternes Mester og
liknande. For tida ser eg på kompani Lauritzen. Favorittfilmen er Imitation
Game.
Kor likar du best
å feriere?
Kombinerar ofte ferie
og treningsleir. Mikes Gym i Spania er ein magisk stad for OCR-utøvarar.
Har du eit
treningstips å dele med lesarane?
Finn du noko du
likar, eventuelt noko du ikkje hatar, forsøk å trene saman med andre og
inkluder ein del trening med høg puls.