VIL-medlem Reidun fyller 80 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2020
Reidun Holmberg har
opphavet sitt på farssida frå Hauknut-garden på Lade. Same garden som fostra fyrste
leiaren i Velledalen IL ein kjenner namnet på. Gamle møtebøker syner nemleg at
Hauknut-Andreas vart valt til leiar i Velledalen IL i 1910.
Kvinner på Reidun sin
alder har ikkje lange sportslege rulleblad i Velledalen. Ungdomstida deira fann
stad før jenteidretten skaut fart for alvor. Men Reidun Holmberg er langt frå
blank. Saman med eldste dottera, Benedikte, vann Reidun Øyecupen i
hesteskokasting på slutten av 1970-talet. Same året som Egil Skåre og Bård
Erstad vann herreklassa. Øyecupen vart arrangert i Norangsdalen, av Velledalen
IL, i samarbeid med ekteparet Dahl, som på den tida dreiv hotell Union der
inne. Reidun var ein stødig hesteskokastar, utan bruk av dei enorme
treningsdosane enkelte andre utøvarar i dalen underkasta seg.
Konradløpet samlar unge og
eldre i folkehelsa og Konrad Brunstad si ånd. I Lars Inge Sæther sin statistikk
står Reidun Holmberg med 15 deltakingar (av 18) i Konradløpet. Mannen John har
like mange. Men enno viktigare er jobben ekteparet har gjort med kvart år å
levere frå seg lokala i tidlegare Margarinfabrikken i strøken stand til
Konradløpet sine funksjonærar. Og dei har gjerne teke oppryddingsjobben i etterkant
utan å mukke. Slike medlemar set Velledalen IL pris på.
Reidun er bestemor til ein
kar med eit flott knippe NM-medaljar i friidrett – også gull. Henrik Johan
meistrar mange øvingar – og det er vel grunnen til at han driv med 10-kamp.
Sidan John for lenge sidan har fråskrive seg alt av konkurranseinstinkt, sitat:
-
Eg fattar det
ikkje, men eg kan ikkje kjenne det minste snev av konkurranse-instinkt i meg….
Ja, så må det vere frå
Reidun at Henrik Johan har det, frå Sunnmørs-sida av slekta, vel å merke. Og
det skal du vere stolt av, Reidun!
Velledalen IL gratulerer
Reidun Holmberg med jubileet, og minner om at 80 år er ingen alder no til dags
- i alle fall ikkje når ein ser ut som ein skulle vore 66.