Konradløpet er avlyst
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2020
Forbodet fram til 15.juni for kultur- og idrettsarrangement
som ikkje kan ivareta dei grunnleggande krava til smittevern sett av
Helsedirektoratet, maks gruppestørrelse 5 personar med minimum 2 meters avstand
mellom desse, gjer at det tradisjonsrike Konradløpet samt Minikonradløpet (for
born) vert avlyst dette året. Dersom det skulle bli lette i restriksjonane
etter 15.juni vil det bli vurdert å arrangere eit løp for born tilsvarande
Minikonradløpet, melder leiaren av friidrettsgruppa Alf Petter Bøe.
Konradløpet har vorte arrangert 1.mai med start kl. 05:00
kvart år sidan 2002 med påfølgjande frukost og premieutdeling m.m. på
Velledalen Grendahus. Løpet, med sitt spesielle starttidspunkt, har vorte eit
av dei mest populære på Sunnmøre.
Konradløpet er eit løp for å ære minnet etter Konrad
Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Konrad byrja trene då han var i 70-åra, etter
at han hadde observert fenomenet ”jogging” i USA. Forma vart stadig betre. Han
deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85
år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor
starta løpet klokka 05.00. Ei av dei faste treningsløypene hans var den 4,5 km
lange runden frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet går.