Over vørterøla- Njål

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Apr 2020

Njål Torillson Tyssing - spring som ei klokke

ALDER: 38

BUSTAD: Indre, sentrale
Austland

YRKE: Manager i KPMG

KLUBB: Velledalen IL - Osloavdelinga




Kort om Njål:


Kjekk, allsidig «gut» vi er stolte av å ha i laget vårt.
Ein av ganske få som ikkje bør kallast mosjonist, men idrettsutøvar. Som lesar
vil du ganske snart skjøne kvifor.

Njål sitt
fyrste møte med Velledalen IL var som langrennsløpar. Vi treng ikkje brodere
det meir ut enn å seie at han var ein habil skiløpar. Så vart det fotball, der
han debuterte på A-laget til Velledalen & Ringen Fotballag (VRF) med fire
kampar i 1999. Gjennombrotet som fotballspelar kom i år 2000. Då spela han 20
kampar på A-laget som vart nummer to i 3.divisjon og 14 kampar på 2.laget som
vart nummer fem i 4.divisjon. Han scora fem mål for A-laget og eitt for VRF 2,
fekk eitt gult kort og hadde eit treningsframmøte på ordinære 68 (delt 12.plass
i A-stallen). Den spedbygde guten frå Ikornnes vaks stort som spelar i løpet av
sesongen. Personar med godt minne (jmf Halvard Erstad) kan skrive under på det.


Men Njål var ikkje esla for eit liv i Sykkylven. Det vart
utdanning, jobb-søking og stifting av familie, før han brått var tilbake, med
kvalitetsetappar for Velledalen IL under Holmenkollstafetten. Han var «heimom»
ein tur til Konradløpa i 2015 og 2016. Stødig som alltid med 15.22 og 3.plass i
2015, mot 15.23 og 4.plass året etter. Trass i at ein konkurrent gjorde sitt
beste for å skvise han ut av vegen på sjølvaste oppløpet siste året. Berre
Kjell Magnar Berli og Sverre Gunnar Brunstad har betre tid under kategorien «sykkylvingar»
enn Njål.


Så kasta han seg på lenger løp. Og det toppa seg i 2019
med 34.40 på 10 km under Hytteplanmila ved Hønefoss. Og rosina i pølsa; 2.44.34
på heilmaraton i Oslo. Nummer 18 totalt og nummer fire i klasse 35-39 år. Eit
løp der Njål Torillson Tyssing verkeleg sprang som ei klokke. Vel-disponert er
eit altfor mildt uttrykk.


PS. Somme – eller kanskje mange – vil finne det underleg
at fotballlaget Njål spela for i år 2000, som altså vart nummer to i 3.divisjon
med A-laget og nummer fem i 4 divisjon med andrelaget, berre to år seinare «pakka
saman».



Njål

  

 Er Vørterøl
favorittdrikken din?

Eg trur faktisk at eg aldri har smaka vørterøl. Er litt sær på drikke.
Drikk ikkje kaffi, forresten. Men favoritten må vere Litago med sjokoladesmak
frå automaten på Bislett Stadion etter å ha sprunge for livet med team
Velledalen avdeling Oslo.

  

 Kva er
favorittretten din?

Veldig glad i pizza og sveler. Men det bør gå 48 timar mellom inntak av
pizza før inntak av sveler. Eg har ein tendens til å gape over vel mykje i
matvegen.

Fortel kort om
idrettskarriera di.

Nok så standard idretts«karriere»: Starta med fotball rundt
6-årsalderen i Sykkylven IL. Og spelar framleis litt old boys når Grüner
manglar folk. Sportsleg høgdepunkt må vere å bli krinsmeister i 4. divisjon i
Hordaland Fotballkrets med Djerv FK. Gjekk også langrenn nokre år frå ca. fylte
11 år til eg var ferdig med ungdomsskulen. Då var både eg og pappa lei av å
køyre 5 timar tur/retur Nordmøre for å gå på ski i 30 min. Starta med springe
litt løp då 30-årskrisa var i gong og badevekta gav klare tilbakemeldingar om
mengda sveler og pizza.

  

 Korleis og kvifor
medlem i Velledalen IL?

Eg trur det var Atle Hole som verva meg. Er veldig svak for smiger, så
då Atle antyda at det kunne vore fint med eit nytt medlem i VIL, slo eg til.
Ser ingen grunn til å forlate VIL, bra folk og mange gode kaker på årsfesten.
Trur eg heldt internasjonalt nivå i 20-åra i evne til å ete store mengder
kaker. Har trappa litt ned.

  

 Når var du sist på
ein VIL-trimpost?

Pinleg å innrømme at det må vere lenge sidan. Kanskje Vellesætra i
2015? Familielivet legg beslag på mykje, for å seie det sånn.

  

 Sportsleg mål for
det neste året?

Sportsleg mål må vere å springe maraton under 2 t. 40 min.

 Har gitt opp kortare distansar,
har rett og slett blitt for treig.

  

 Favorittmusikk?

Er
veldig konservativ i musikksmak og høyre lite på musikk når eg trenar.
Oslo-trafikken slår det meste... Men har fått sansen for banden med det
misvisande namnet "War on drugs".

  

 Kva likar du å sjå
på fjernsyn?

Seinfeld for evig og alltid. Elles så ser eg typisk 7 episodar på rad
når eg først skal sjå ein tv-serie. Enkelte ting er lettare å få til som
familiefar, faktisk!

  

 Kor likar du best
å feriere?

Sunnmøre i fint ver i april og mai er fantastisk. Når det gjeld fine
destinasjonar eg kunne tenkt meg å reise tilbake til, så må eg innrømme at
Sveits er frykteleg fint. Trur landsbrukspolitikken deira knytt til vedlikehald
av kulturlandskap kan vere noko å innføre i Noreg.

  

 Har du eit treningstips
å dele med lesarane?

Det er betre å gå / jogge seg ein tur på 20 min enn å sete heime.
Plutseleg gidd ein 30 min jogging og ein oppfattar det som lurt å melde seg på
Oslo Maraton ved fylte 30 år. Med gåing av siste mila som resultat. Tungt, men
ein veks utruleg nok på det.