Påskehelsing frå May og Ola

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Apr 2020

Seint 1.påskedag tikka det
inn ei helsing frå to flotte VIL-representantar, nemleg May-Evy og Ola Nesheim.
Dei melde om ein frisk tur til Holsfjellet. Vêret var som dei fleste sikkert
hugsar ikkje prima den dagen.

Men dei hadde ei helsing
til på lager, frå ein Stian, her skildra med May sine ord:

 -
   

 Var på ski på Østrem (Emblem) en kveld. Hadde på
Velledalen IL-klea, så da ropte en til meg; «hils han Atle»!

Det vil vi tru måtte vere Stian
Mork. No skitrenar for Emblem IL, og far til Steffen, som vann Barnas
Fjellsæterrunde denne vinteren. Stian var aktiv i det ein kan kalle Velledalen
IL si siste glanstid i langrenn. Då Per Hole var «boss» med mellom andre sonen
Frank, Ole Petter Lødøen, Sætre-brødrene, Njål Torillson Tyssing (maraton-mannen,
ja) og Stian Mork i stallen.

Stian hadde godt grep om
den nye stilarten, fristil, og vart KM-vinnar både i 1995 (G 15) og 1996 (G
16). Etter dette er det berre Kenneth Fet som har blitt KM-vinnar i langrenn
for Velledalen IL. Stian og Kenneth er dei einaste frå laget vårt som har vunne
KM etter heile Møre og Romsdal vart samla i ein skikrins.

Difor har Stian Mork ei
høg stjerne i Velledalen IL, og vi helsar så mykje tilbake