Nakken-tvillingane sprang testløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Apr 2020
VIL-utøvarane held seg i
form som best dei kan på kvar sine måtar om dagen. PåskeKonrad vart sjølvsagt
ikkje arrangert, men Sivert og Andreas Mosby Nakken sprang testløp i
Konradløypa onsdag i påskeveka.
Dei heldt ikkje berre to
meters avstand, men fem minutt avstand. Sivert starta nemleg fem minutt før
Andreas. Mamma Anita var med som hjelpeskvinne, medan pappa Svein passa
lamminga på heimleg grunn.
I Lars Inge Sæther sin
Konradløp-statistikk, finn vi desse personlege rekordane i Nakken-familien:
17.58: Svein Arne Nakken
(2008)
18.06: Andreas Mosby
Nakken (2019)
19.22: Sivert Mosby Nakken
(2019)
Testløpet onsdag
føremiddag gav desse tidene:
17.58: Sivert Mosby Nakken
– tangering av bestetida til Svein.
18.46: Andreas Mosby
Nakken
Godkjende personlege
rekordar i Konradløpet kan berre setjast i løp. I skrivande stund er det uvisst
om det blir løp i 2020. Men held Sivert og Andreas fram den gode trenden dei
har vist siste åra, vil Svein misse familierekorden i 2021. I ein alder av då
55 år, har han neppe noko i mot det, anten det vert Sivert, Andreas eller begge
som tuktar han.