Anders Wigdahl – Draumen er å eige ei rulleskimølle
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2020
Over Vørterøla
ALDER: 31
BUSTAD: Røa
YRKE: Forretningsrådgjevar
innan strategi og finans
KLUBB: Velledalen IL
«Røys» er sambuar med «Komo» på Røa, og saman har dei
katten Konrad. Klengenamnet «Røys» har Anders fått sidan han liknar på ein
røyskatt når han spelar fotball, fortel sambuaren. Men det treng han ikkje ta
så tungt, sidan Ellen ser eit dyr i alle menneske.
Anders Wigdahl har i utgangspunktet raske fibrar, men
VIL-sprintaren vil helst bli god på ski og lange løp, uansett terreng. Dette er
eit langtidsprosjekt, han ikkje ein gong sjølv veit når han er i mål med. Men
han er godt på veg, sidan han greidde merkekravet i Birken (på ski) i fyrste
forsøk. Han imponerte sommaren 2019 under Stranda Fjord Trail Race (25 km)med
solid gjennomføring og sterk avslutning, og han «sprekk» ikkje lenger ALLTID på
lange løp (10 km eller halvmaraton).
Anders innrømmer at han brukar ein del tid til trening.
Fritida går til interesser som playstation, football manager, nyte god idrett
på TV og lese faglege «greier». Det var hans versjon.
Sambuaren seier han trivst best på sofaen med «godt&blandet»,
«biler» eller ein troika. Han har gjennom vinteren trena nokre økter på
rulleskimølle saman med broren til Martin Johnsrud Sundby. Røys drøymer om å
eige ei slik mølle, fortel Ellen, som også kan melde at han brukar mange timar
i veka på å fylle ut treningsdagbok og planleggje komande veker.
Røys er allsidig – det skal han ha. Fyrste gong han
imponerte for Velledalen IL var på 13.etappe (drygt 1000 meter) i
Holmenkollstafetten for nokre år (om lag tre) sidan. Han har til gode å få
fullklaff under Konradløpet – hittil er bestetida like over 16 minutt. Han får
vidare kredit for – saman med sambuaren – å stå bak suksess-arrangementet «Camp
Velledalen» sist sommar.
Anders
Wigdahl
Er Vørterøl
favorittdrikken din?
Det er nok Cola, men
kan «fleske til» med Vørterøl på andre plass. Skal seiast at Vørterøl er heilt
nydelig på ein lang treningstur.
Kva er
favorittretten din?
Vanskeleg å seie. Det
meste italienske, men er elles farleg glad i Junk Food-aktige greier.
Fortel kort om
idrettskarriera di.
Opphavleg
fotballspelar, har spelt i 2. og 3. divisjon i Stavanger og i Bergen i ei
årrekkje, og trente mykje frå eg var ung. Valde derfor vekk andre ting som
langrenn. I studieåra vart det mindre fotball, og fatta då større og større
interesse for uthaldstrening. Det har teke 7-8 år å få grep om kva det går ut
på, utan at det har gitt så mykje resultat.
Korleis og kvifor
medlem i Velledalen IL?
Inngift, snart
formelt også! Men det er ein fantastisk inkluderande klubb, med gode utøvarar,
og det er kjekt å representere nokon andre enn dei store laga her i Oslo som
ein stort sett ser på alle ryggar.
Når var du sist på
ein VIL-trimpost?
Det må ha vore i
jula.
Sportsleg mål for
det neste året?
I prioritert
rekkefylgje: Unngå corona-viruset, ta steget på ski og nærme seg draumetida i
Birken 2021, springe raskt i både fjell og på asfalt til hausten, og stå like
lenge planke som Komo. Håpar eg ikkje har blitt for gamal til å bli god enno.
Favorittmusikk?
Kjem an på humøret, det.
Jazz, rock, pop – alt går i grisen her. På
trening: mi gamle partyliste frå 2009 og/eller andre songar med god stemning,
som også russen likar. To konkrete tips: Trumpsta og En gang til.
Kva likar du å sjå
på fjernsyn?
Eg digga The OC når
eg var ung. Det burde vore obligatorisk for «kids» i dag også. The Office er
eit must og kan aldri sjåast for mykje. Homeland, som går no, er også godt
stoff. Og så Team Ingebrigtsen, då.
Kor likar du best
å feriere?
Om ein må velje,
Norge, heilt klart. Vore mykje i utlandet, men Norge er tross alt verdas beste
land.
Har du eit
treningstips å dele med lesarane?
Eg har mange
treningstips, og skal servere tre: 1. Tren etter ambisjonen din, ikkje kva
andre gjer eller kva andre meiner fungerer. 2. Finn glede i små detaljar. 3.
Det finst ingen snarevegar eller magisk formel til god form (les: Sats). Og så
sleng eg på eit siste; ein må kome seg ut, det er så mykje finare ute enn inne
på eit studio!