Radka Vosicka – ein tsjekkisk solstråle
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Apr 2020
Radka Vosicka – ein tsjekkisk
solstråle
ALDER: 40
BUSTAD: Ikornnes
ARBEIDSSTAD: Sykkylven
stålindustri
Spalta «Over Vørterøla» er ide-messig henta frå
Sykkylvsbladet sin «over kaffikoppen». Hensikta er at lesarane våre skal få bli
litt meir kjende med VIL-medlemar, gjerne slike dei les om, men ikkje kjenner
frå tidlegare. Målet er å presentere to personar «over vørterøla» kvar veke.
Radka sine resultat dei siste åra har vekt oppsikt. Ho er
raskaste kvinne nokon gong opp Koldabakken på Hole, ho har VIL-rekorden på
heilmaraton for kvinner, ho har vunne Nibbedobbelen (fyrst sykkel, så løp til
toppen av Dalsnibba) for kvinner i Geiranger, og ho vart fyrste kvinne med
VIL-medlemskap til å fullføre ein «iron-man»(4,8 km symjing,180 km sykling og
42,2 km springing).
Radka kan
smykke seg med tittelen «Årets idrettskvinne» to gonger etter ho tok laust - ein av dei delt med Pernille Ibsen Lervåg. Ho er såleis ei verdig start-kvinne
for VIL-spalta «Over Vørterøla».
Radka
Vosicka
Er Vørterøl
favorittdrikken din?
Nei. Alt med mjølk er
min favoritt.
Kva er
favorittretten din?
Asiatiske
curry-rettar og alle typar graut!
Fortel kort om
idrettskarriera di.
Trur mange kjenner
til idrettskarriera mi siden den byrja i 2016. Eg var ingen sportsperson før,
berre ein vanleg «mosjonist».
Korleis og kvifor
medlem i Velledalen IL?
Fordi ein måtte ha
ein klubb for å kunne kjøpe ein såkalla heilårslisens til løp. Men den har eg
aldri kjøpt etterpå heller. Det var uansett flaks at eg meldte meg inn i den
beste klubben utan at eg visste om det!
Når var du sist på
ein VIL-trimpost?
Er Dravlausnykjen ein
trimpost? I så fall i haust. Eg bur på Ikornnes, så det blir heller turar på
Stavekollen eller Hovdeåsen. (Journ.anm.: Dravlausnykjen er ikkje ein trimpost,
men Koppen er!)
Sportsleg mål for
det neste året?
Eg likar alle løp av
forskjellig grunn. Aurlandsfjellet Triatlon er viktig fordi eg skal slå sonane
til sjefen min. I Hornindal Rundt vil eg forbetre tida mi. Stranda Fjord Trail
Race fordi det er på Stranda! Og ikkje minst; Konradløpet.
Favorittmusikk?
(Til vanleg, og til trening)
Høyrer nesten alltid
på akustisk cover av popmusikk. Eventuelt nokre skikkelige «beats» frå artistar
som AronChupa, Lady Gaga og anna glad musikk. Likar godt 2Cellos og damer som
Silje Nergaard og ikkje minst Adele.
Har du eit
favoritt TV-program/film/serie?
Ser mest på YouTube.
Ofte på «Traveller Stories», sportsfolk sine prosjekt og naturdokumentarar.
Likar seriar som Sherlock Holmes, Big Bang Theory med meir. Så må eg nemne
filmane frå heime i Tsjekkia.
Kor likar du best
å feriere? (Noreg/Utlandet?)
Camping-turane i
Noreg er uslåelige. Treningsferie i varmare strøk er også flott. Eg tek gjerne
ein Asia-tur om eg har høve. Favoritten hittil er Malaysia og India.
Har du eit
treningstips å dele med lesarane?
Gjer det du har lyst
til. Det er bra med hard trening, og det er bra med lett trening. Til og med
ingen trening er bra! Du er sjefen, så ver ein god sjef.