Avlysingar på løpsfronten
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Mar 2020
Vi nærmar oss april månad,
ein månad der det meste av tillyste arrangement er venta avlyst.
VÅRDILTEN i Ålesund var
terminfesta 1.april. Den er AVLYST.
NÆRSPRINTEN i Velledalen,
1.løp skulle vore arrangert på Brunstad 3.april – AVLYST/UTSETT.
PÅSKEKONRAD er AVLYST i
regi av Velledalen IL, sjølv om den som vil kan springe løypa på eige
initiativ. Der er garantert ikkje kø. Smitterisiko rundt Brunstadgarden vert
vurdert som låg.
MINIKONRAD og KONRADLØPET
(30.april og 1.mai) vert venteleg AVLYST/UTSETT, sjølv om dette ikkje er hundre
prosent spikra enno. Endeleg avgjerd vert teken like over påske.
Men Holmenkollstafetten,
andre helga i mai i Oslo, er avlyst. Der hadde Velledalen IL meldt på eit lag
med 15 personar i klasse A 1, blanding av kvinner og menn, med fleirtal menn.
Same helg som Holmenkollstafetten er Ålesund Maraton terminfesta. Her er endeleg
avgjerd ikkje fatta enno. Nærare beskjed like over påske, vert det meldt.