VIL-utøvarar med 463 startar 1.halvår 2019
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mar 2020
Foto: Karl Egil Liaset
Her er tala månad for
månad i 1.halvår 2019 – tal på startar av medlemar i Velledalen IL:
Januar: 43 startar – løp og
langrenn.
Februar: 65 startar – løp og
langrenn.
Mars: 58 startar – hopp,
langrenn, ski-orientering og løp.
April: 58 startar – løp og
langrenn.
Mai: 153 startar – løp,
OCR hinderløp, orientering og sykkel.
Juni: 86 startar – løp,
OCR, orientering, sykkel og triatlon.
Samla vert dette
imponerande 463 startar i 1.halvår.
Ikkje uventa toppar mai
månad. Månaden for Konradløp og Holmenkollstafett, mellom anna. I 2019 var det
Konradløp-arrangement i Velledalen, Seljord, Bergen, Tromsø, Slovakia, Gøteborg
og Hamilton (New Zealand).
Men juni var månaden der
utøvarar frå Velledalen IL deltok i flest konkurransar. I juni månad 2019 var
nemleg Velledalen IL representert desse stadane:
Tough Viking Oslo,
Beitostølen Fjellmaraton, Koldabakken Grand Prix, Frå Fjord til Fjell
(Geiranger), Kleivane Rundt (Stette), Ålesund Sommarkarusell, Birkebeinerløpet,
Varden Opp (Langevåg), Stockholm Toughest, Nordmarka Skogsmaraton, Oppdal
2-dagers, Mefjellet Opp (NM motbakkeløp), Bessegg-løpet, Kaptein Dreyers
Minneløp (Sunndalsøra), Midnattsol-Maraton (Tromsø), St.Hans-galoppen (Oslo),
OCR-løp Hønefoss, Trollstigrittet, EM OCR Polen, Tomasløpet og Selje Challenge.