Skikarusell

Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Mar 2020

Vedlagt bilde viser to sunnmøringar under oppvarminga, Velledalen IL til venstre og Valldal IL til høgre.
  Medan vinteren har vore mild og lunefull i sør, har det heldigvis vore andre tilstandar i nordens Paris. Skiføre frå slutten av oktober er luksus for ein «søring», og eg var nærast euforisk første gong eg gjekk på ski til jobb. Etter å ha sanka mange kilometer i langrennsløypene, bestemte eg meg for å melde meg på Troms og Finnmark bedriftsidrett sin skikarusell. Dette er eit triveleg lågterskeltilbod på tysdagar, der ein kan velje mellom 5, 10 og 15 kilometer i valfri stilart. Underteikna har representert Velledalen IL, og har delteke i fem av sju renn. Det har vore varierande forhold, noko ein kanskje kan gjette utifrå tidene. Eine rennet var reine ekspedisjonen med vassing i djup laussnø, medan det var spesielt skarpt og godt føre under siste rennet. I eitt av renna fekk vi til og med nordlys som ei ekstra lyskjelde! Eg gjekk klassisk i alle renn, men til neste års skikarusell er målet å heve skøyteteknikken til eit toleleg nivå. Tidene vart som følgjer:
   
   
  
   
   
  28. januar: 5km, 23:46
   
   
  4. februar: 5 km, 25:51
   
   
  18.februar: 10 km, 42:15
   
   
  3.mars: 10 km, 45:59
   
   
  10. mars: 10 km, 41:18
   
   
  
   
   
  Skikarusellen skulle vere ei fin oppkøyring til skisesongen sitt hovudmål: Kvaløya skimaraton 14.mars. I likskap med andre mellomstore og store arrangement, er rennet avlyst grunna pandemien, og eg må dessverre vente til neste år med å teste forma gjennom dei 42 kilometerane frå Kvaløysletta til Straumsbukta.
   
   
  
   
   
  Skildringa mi av vinteren framstår kanskje som ein nordnorsk idyll med skiløyper som cordfløyel og ho Aurora dansande på himmelen, men noko må vi ofre for tilsynelatande evigvarande skiføre – og det er våren. Denne vakre, blømande årstida er eit ukjent fenomen her i nord. Eit stykke ute i mai kan vi vel håpe på isfrie vegar og joggesko, før den nordnorske sommaren brått tek over med si raude midnattssol og bognande moltemyrer. Då kan vi puste letta ut og tenkje tilbake på kulde, mørketid og broddar. Vi stod han av!
   
   
  
   
   
  Hilde Riksheim Tandstad
   
   
  Aspirerande nordlending