Siste løpet i vinterkarusellen
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Mar 2020
Det går mot vår! Annleis
kan vi ikkje tolke det når siste løpet i Ålesund Vinterkarusell vert arrangert
i dag. Forholda vert etter alle solemerke gode – og deltakinga stor.
Velledalen IL har markert
seg med sterk karusell-deltaking i Ålesund dei siste par-tre åra. I dag har vi
gleda av å ynskje Frode Hoprekstad velkomen som debutant for laget vårt. Han spring
10 km, og har heile FF-teamet – minus Andreas Mosby Nakken – med seg. Vi ser
heller ikkje vekk frå eit par kvinnelege debutantar for VIL i dag, i så fall
mest truleg på distansen 5 kilometer.
Klokka 09.00 i dag var
desse VIL-løparane påmelde:
10 km:
Alf Petter Bøe
Henning Tandstad
Frode Hoprekstad
5 km:
Olaf Einar Øien
Ann-Helen Hole
Svein Arne Nakken
Sivert Mosby Nakken
Starten går 15.00 for
begge distansar og ein kan melde seg på heilt fram til start.
Andre påmelde frå
Sykkylven kommune klokka 09.00: Fridtjof Fredriksen (10 km) og Kristian Johan
Ullavik, Ikornnes IL (5 km) Vi ser ikkje vekk frå at Velledalen IL
stiller tosifra deltakartal – resultata kjem på nettsida i løpet av kvelden.